Kv-ord

I nynorsk har gammelnorsk hv blitt til kv, mens i bokmål blir gammelnorsk hv framleis skriven hv, men uttala v. Eksempel er orda kvit, kval, kven, kvifor, kva, kor, korleis, kvar, kvarandre, kvart. I dei nordnorske målføra har dette konsonantsambandet blitt til kv eller berre k, alt etter som. For eksempel finn ein i Salten tradisjonelt følgjande former: kval, kem, koffør, ka, kvar, kvarainner etc.  Spørjeorda kan også ha ei anna form og tyding enn dei nynorske. Dialektforma korsn dekker tydinga til ei rekke ord som hvordan, hvilken, hva slags og kva for ein.

I dialektar i Aust-Finnmark bruker dei former som vit ('kvit') og vær ('kvar'). Agnete Nesse (2008) si undersøking av dialekten i Bodø viser at v vekslar med eller erstattar k(v) i einskildord som vær (’kvar’), værandre (’kvarandre’),  i vært fall (’i kvart fall’) og vit (’kvit’), mens k held seg i andre ord som ka og kem.

 Kjelder

Bull, Tove. 1996. «Målet i Troms og Finnmark», i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.), Nordnorske dialektar, s. 157-179. Oslo: Novus.

Nesse, Agnete. 2008. Bydialekt, Riksmål og Identitet - Sett frå Bodø.Oslo: Novus. 

Vi har dessverre ingen informasjon om dialekter med dette målmerket