Perfektum partisipp: ending blant einstava verb

I dialektane i Troms og Finnmark endar einstava verba på –dd i perfektum partisipp etter ha, vere, bli (Bull 1996: 163): Han e gådd, æ har sedd ho. I store deler av resten av landet endar dei på –tt.

I opptaka frå ScanDiaSyn/NorDiaSyn er endinga stort sett –dd hos informantar frå Troms og Finnmark. I opptaka frå Nordland er det meir variasjon, og det kan sjå ut til at endinga –dd vinn terreng hos dei yngre informantane. For eksempel er det i Beiarn ein god del fleire eksempel på endinga -dd blant dei yngre informantane enn blant dei eldre. Blant informantane frå Herøy er det berre eit eksempel på endinga -dd, elles er endinga –tt brukt. 

Kjelde

Bull, Tove. 1996. «Målet i Troms og Finnmark», i i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. , 157-179. Oslo: Novus.

 

Vi har dessverre ingen informasjon om dialekter med dette målmerket