presens: apokope i svake verb (av kaste-klassen)

I nynorsk blir svake verb delt i to klassar: a-verb og e-verb. a-verba blir bøygde som verbet kaste og endar på ­–a i preteritum og –ar i presens: kastar (- kasta), hugsar (- hugsa), hoppar (- hoppa). e-verba har –te i preteritum og –er i presens:  kjøper (- kjøpte).

 

 infinitiv

 presens

 preteritum

 perf.partisipp

 a-verb

 kaste/kasta

 kastar

 kasta

 kasta

 e-verb

 kjøpe/kjøpa

 kjøper

 kjøpte

 kjøpt

Dei fleste nordnorske dialektane manglar ståande –r i presens (som i mange norske dialektar elles), men det varierer om det er samanfall mellom a-verb og e-verb slik at alle endar på –e (kaste, kjøpe), eller om a-verb (i prinsippet) endar på –a, og e-verb på –e.

Skiljet mellom e- og a-ending går tradisjonelt tvers over Senja (Jahr og Skare 1996: 60f). Sør for denne grensa har a-verb tradisjonelt a-ending i presens slik at desse dialektane har både –a- og –e-ending i svake verb avhengig av klasse. Nord for denne grensa endar alle svake verb i presens på e. Det betyr at i Sør-Troms vil ein tradisjonelt seie eg ligg og feska, medan ein i Nord-Troms vil seie eg ligg og feske (Jahr og Skare 1996: 60). Jahr og Skare (1996: 60) understreker at det er forskjellar mellom eldre og yngre språkbrukarar, kor yngre i større grad har e-ending.

Systema i dei ulike dialektområda (etter Hansen 1996; Bull 1996, Jahr 1996; Jahr og Skare 1996):

 Nord for Senja

 kaste(r)

 kjøpe(r)

 Innflyttardialektar

 kaster

 kjøper

 Sør for Senja

 kasta

 kjøp(e)

 Ranamål

 kast

 kjøp

Ranamål har tradisjonelt (fast) apokope i presens etter jamvektsregelen, slik at i historiske jamvektsformer som presensforma svara blir endinga bevart, men ikkje i historiske overvektsformer som kastar, der ranamål har forma kast (Hansen 1996: 127).

I apokopeområdet i Nordland er det tradisjonelt (fast) apokope av endingsvokalen i e-verba, men ikkje i a-verba. Der vil det heite no kasta æ ballen, men no kjør æ. Bodø ligg i Salten og har tradisjonelt a-ending i a-verba. I undersøkinga til Nesse (2008) finn ho at det er stor variasjon i realiseringa av ending i svake verb. For eksempel kan eit verb som bruke bli realisert på tre ulike måtar hos bodøungdommar i presens: bruk, bruke og bruka.

I talemålsmaterialet samla inn gjennom ScanDiaSyn finn vi att variasjonen Nesse beskriv. Dei store trekka med a-ending i sør og e-ending i nord held seg, men samtidig er det svært mykje variasjon mellom former med ending og apokope, og i område med a-ending er detvanskeleg å oppdage eit skilje i bøying mellom a- og e-verb.

Dei følgande karta viser stader med minst eitt belegg på presensforma husk hos høvesvis unge og eldre informanter i Nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009). Karta viser at ein kan høyre slike former i store delar av Nord-Noreg, men dei fortel ikkje om det er tale om fast eller fri apokope.

Stader med minst eitt belegg i transkripsjonane på presensforma husk hos unge informantar (kartet til venstre) og hos eldre informantar (kartet til høgre):

 

Kjelder

Hansen, Eskil. 1996. "Dialektene i Nordland", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 121-134. Oslo: Novus.

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.

Jahr, Ernst Håkon. 1996. "Dialektane i indre Troms – Bardu og Målselv"i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 180-185. Oslo: Novus.

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

Nesse, Agnethe. 2008. Bydialekt, Riksmål og Identitet – Sett fra Bodø. Oslo: Novus.

 

Følgende dialekter har dette målmerket: