Pronomen: dokker

I 2. person fleirtal er forma dåkker utbreidd i heile Nord-Norge unntatt Salten (mellom Saltfjellet og Hamarøy og nord for Vestfjorden, i Lofoten), kor forma dåkk blir brukt. Denne dialekten (saltenmålet) er ein nullmålsdialekt og har mykje apokope i mange kategoriar (Jahr og Skare 1996: 40f). I innflyttermåla i Susendalen (Hattfjelldal), Bardu og Målselv, Signaldalen i Storfjord, Tverrelvdalen i Alta blir også forma dåkk brukt (Jahr og Skare 1996: 40f).

I opptaka frå ScanDiaSyn held denne geografiske fordelinga seg rimeleg bra, sjølv om forma dåkk enkelte stader blir brukt i mindre grad enn tidlegare: For eksempel i opptaka frå Beiarn i Salten bruker dei unge informantane i større grad begge dei to formene dåkk – dåkker enn dei eldre, som helst bruker kortforma dåkk

Kjelde

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.

Vi har dessverre ingen informasjon om dialekter med dette målmerket