Pronomen: han

I hankjønn 3. person eintal er det tradisjonelt variasjon i uttalen av pronomenet han i dei nordlandske dialektane mellom hann, hånn og hannj. Frå nordlege deler av Nordland og nordover finn vi forma hann (som ifølge Jahr og Skare 1996: 38 spreier seg sørover,). Ifølge Jahr og Skare (1996: 38f) finst forma hånn tradisjonelt i dialektane nord for Meløy og Saltfjellet til og med Sørfold kommune. I ranamål er forma hann vanleg, mens sør på Helgeland (og i Trøndelag) blir forma hannj (med palatalisering) brukt.

I opptaka frå ScanDiaSyn dominerer uttalevarianten hann i heile Nord-Noreg med unntak av informantane frå Sør-Helgeland som bruker varianten hannj (med palatalisering). Informantane frå Salten bruker forma hann og ikkje den tradisjonelle forma hånn

Kjelde

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.

Vi har dessverre ingen informasjon om dialekter med dette målmerket