Substantiv: hokjønn fleirtal: en-ending

I mesteparten av dei nordnorske dialektane frå Nord-Helgeland og til Finnmark får både sterke og svake hokjønnsord endingane –e/-en i ubestemt og bestemt form fleirtal.

Hovudmønstera for bøying av svakt og sterkt hokjønn i nordnorske dialektar:

 ub.form eintal

 b.form eintal

 ub.form fleirtal

 b.form fleirtal

 vise/a

 visa

 (fleire) vise

 (alle) visen

 bygd

 bygda

 (fleire) bygde

 (alle) bygden

Det er tre unntak til dette mønsteret:

I tillegg har tradisjonell saltendialekt apokope av endingsvokalen i ubestemt form fleirtal slik at ein får fleire vis – alle visen, men dette er ein variasjon av hovudmønsteret.

I opptaka frå saltendialektane i Beiarn og Steigen i ScanDiaSyn, varierer informantane mellom apokope og ending. Det verkar då å vere ein tendens at endinga blir –e i Steigen (fleire vis eller fleire vise), men –a i Beiarn (fleire vis eller fleire visa), som ligg nærare Bodø.

I bodødialekten og spreidde område i Nordland (Meløy, Rødøy, Bodø, Flakstad og Vestvågøy) (Jahr og Skare 1996: 34) samt i kystmål i Aust-Finnmark (Vadsø) (Bull 1996: 168) er det samanfall mellom ho- og hankjønnsbøyinga slik at hokjønnsord også får vokalen a i fleirtalsformene: fleire visa – alle visan. Innerst i fjordane i Finnmark kan ein også høyre vokalen a i bestemt form fleirtal, men sjeldnare i ubestemt form, slik at ein får to vise –dei visan (Bull 1996: 170).

I opptaka frå Bodø er det tydeleg at dette bøyingsmønsteret held seg hos informantane derfrå. Det er annleis med informantane frå Stamsund på Vestvågøy i Lofoten: Tendensen er at dei eldre informantane bøyer hokjønnsorda likt med hankjønn, men at dei unge informantane i større grad bruker den vanlege nordnorske bøyinga med e: vise – visen.

Kløyvd/delt hokjønn finst i tradisjonelle dialektar på Sør-Helgeland (Jahr og Skare 1996: 34), kor sterkt og svakt hokjønn blir bøygd ulikt: fleire visår – alle visån, men fleire bygde – alle bygden. I opptaka er delt bøying i hokjønn fleirtall meir eller mindre gjennomført hos dei eldre informantane frå Herøy og Sømna, mens det i mindre grad er gjennomført hos dei yngre informantane.

Ståande –r i ubestemt form fleirtal finn ein for eksempel i innflyttardialektar i indre Troms (Jahr 1996: 183) og ifølge Bull (1996: 168) i dialektar i store delar av Varanger.

I dialektopptaka frå Kirkenes og Vardø varierer informantane mellom å bruke former med –r og –a i ubestemt form fleirtal, mens dei stort sett bruker forma –an i bestemt form fleirtal: fleire viser/visa – alle visan. I opptaka frå indre Troms er mønsteret hos begge aldersgruppene: fleire viser – alle visen.


Karta frå Nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009) viser stader i Nord-Noreg med minst eitt belegg på fleirtalsforma jente (til venstre) og på fleirtalsforma jent'n (til høgre).

Kjelder

Bull, Tove. 1996. "Målet i Troms og Finnmark", i i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 157-179. Oslo: Novus.

Jahr, Ernst Håkon. 1996. "Dialektene i indre Troms - Bardu og Målselv", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 180-185. Oslo: Novus.

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

Vi har dessverre ingen informasjon om dialekter med dette målmerket