Infinitiv: æ-infinitiv

 

I norrønt slutta alle verb i infinitiv på –a, som fara (’fare’), vera (’vere’), kasta (’kaste’). Denne endinga har i mange dialektar endra seg over tid og på ulike måtar, slik at det i dag finst fire ulike hovudsystem for infinitivsending i norske dialektar: 

  1. a-infinitiv (å vera, å kasta)
  2. e-infinitiv (å vere, å kaste)
  3. Kløyvd infinitiv (å vera, å kast/kaste)
  4. Apokope/nullinfinitiv (å ver, å kast)

 Infinitivsendingar er mykje brukt i inndelinga av dei norske dialektane. Saman med endinga i svakt hokjønn eintal ubestemt form (ei vise) talar ein ofte om a-mål, e-mål, e/a-mål og nullmål. 

I sørvestlege delar av Nordland endar infinitiv tradisjonelt på en mellomting mellom a og e, nemleg æ eller ä. Denne æ-liknande endingsvokalen finn ein også i andre kategoriar. I ScanDiaSyn finst det data frå Herøy utanfor Sandnessjøen. Informantane frå denne staden har stort sett apokope i infinitiv, men med nokre e-infinitiv (ifølge transkripsjonane). I andre kategoriar som i presens, er det derimot æ-ending.

Følgende dialekter har dette målmerket: