11 Vefsnmål

Helgeland er det sørligste dialektområdet i Nord-Noreg og grenser til Nord-Trøndelag i sør. Særleg i sør er det dermed mange språklege trekk som er felles med trøndersk, og dialekten i Bindal blir av og til rekna til trøndersk. Det er også eit område med mykje variasjon, og ein kan dele det inn i undergrupper på ulike måtar. Her følger vi tredelinga til Jahr og Skare (1996: 21) i ranamål, vefsnmål og brønnøymål.

Vefsnmålet skil seg frå ranamål ved å ha delt hokjønn og endinga -o i svakt hokjønn bestemt form eintal (ei klokko) (Jahr og Skare 1996: 31) i mesteparten av området. Det er også forskjell på sterk og svak bøying i hokjønn fleirtal. Svakt hokjønn får endinga -år/-ån (kåpår, kåpån 'kåper, kåpene'). Karakteristisk for vefsn- og brønnøymål er også endingsvokalen (i staden for -a) (Jahr og Skare 1996: 20) som i solæ ('sola'), vetæ ('vite'). Størstedelen av området har også pronomenformene e, me, de.

Kjelder

Jahr, Ernst H. og Olav Skare. 1996. ”Del I. Oversyn over nordnorske dialektar – kart og målprøver” i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.), Nordnordske dialektar, Oslo: Novus, 9-77.

 

Denne dialektgruppa omfatter følgende dialekter:

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database