Leddsetningar med V2

I moderne norsk har hovudsetningar og leddsetningar ulik leddstilling når eit adverb også er til stades i setninga:

I norrønt hadde hovud- og leddsetningar lik leddstilling med verbet plassert på andreplass i setninga (såkalla V2), slik det enno er i islandsk. Dette er òg mogleg i moderne skandinaviske språk i visse språklege kontekstar, som for eksempel ved verbet seie: Han sa at han kjem ikkje i morgon. I denne leddsetninga ser vi at nektingsadverbet kjem etter det finitte verbet kjem og ikkje før. I fleire tradisjonelle norske dialektar er slik hovudsetningsstruktur mogleg i mange leddsetningar, for eksempel i meir eller mindre alle leddsetningar innleidde av subjunksjonen at (jf. for eksempel Iversen 1918 om dialekten i Tromsø; Haugen 1982 om dialekten i Oppdal).

Nyare forsking (Bentzen 2005; Wiklund et al. 2007) viser òg at mange nordnorske dialektar kan ha hovudsetningsstruktur i leddsetningar, men først og fremst ved andre adverb enn nektingsadverbet ikkje. Slik får ein eit skilje mellom leddsetningar med ikkje på den eine sida og setningar med andre adverb som for eksempel ofte eller vanlegvis på den andre sida: Viss adverbet ikkje opptrer i leddsetninga, står verbet etter nektinga, viss eit anna adverb opptrer i leddsetninga, kan verbet stå føre adverbet:

I talemålsopptaka frå Nord-Norge er det nokre få eksempel på leddsetningar med V2. Slik ordstilling i heile det nordiske dialektområdet er med utgangspunkt i ScanDiaSyn utforska i Bentzen (2014).

Kjelder

Bentzen, Kristine. 2005. "What’s the better move? On verb placement in Standard and Northern Norwegian". Nordic Journal of Linguistics 28.2:153-188.

Bentzen, Kristine. 2014. "Embedded Verb Second (V2)", Nordic Atlas of Language Structures (NALS) Journal, Vol. 1: 211-225. http://www.tekstlab.uio.no/nals/#/chapter/10

Haugen, Einar. 1982. Oppdalsmålet: Innføring i et sørtrøndsk fjellbygdmål. Oslo: Tanum-Norli.

Iversen, Ragnvald. 1918. Syntaksen i Tromsø bymaal: en kort oversigt. Kristiania: Bymaals-laget.

Wiklund, Anna-Lena, Gunnar H. Hrafnbjargarson, Kristine Bentzen og Þorbjörg Hróarsdóttir. 2007. "Rethinking Scandinavian verb movement". Journal of Comparative Germanic Linguistics 10.3:203-233.

 


 

Følgende dialekter har dette målmerket: