Botnhamn

ScanDiaSyn-materialet inkluderer opptak av to eldre, mannlege informantar frå bygda Botnhamn på Nord-Senja. 

Informantane har e-infinitiv (eks. rane, svare, men tengk) og e-presens (eks. heite, jæsste, tenngke, husske). Det er lite apokope i dei ulike verbformene. Svakt hokjønn ubestemt form eintal får endinga -a (eks. på feil sia). I hokjønn fleirtal blir stort sett endingane -e/-en brukt (eks. lanngrennsjie, ællven). Dei personlege pronomena er æ(g), dæg, hann, dåkker, dæmm, og den bestemte artikkel er di (eks. di fatale avjørelsan).

Av fonologiske trekk har informantane palatalisering av historiske lange dentalar, og lågning e>æ og i>e (eks. rætt, æventyr, kvæll, skvætt, lennja, fesske, månsjenn, dett 'ditt' men fikk og jikk) og opning (eks. førr). Skriftspråkets u blir uttalt /u/ i posisjonen før opphavlege lange dentalar (grunnt) og som privativpartikkel (eks. urutinert). Fonemet r-er har ein litt frikativ utale. I konsonantsambandet sl har en alveolar uttale, og det er eksempel på vokalforlenging (eks. skræme 'skremme'). 

Tidsadverba er  og no, stadadverba er her og dær og nektingsadverbet er ikkje. Informantane bruker ulike kv-ord som kossj'n, kell, korr, kemm og kenn, og det er belagte eksempel på kv-spørsmål utan inversjon  (eks. ka du synnst om åpninga på sprinnt'n; kell de va?; korr de jikk me hann Tor Arne).

Andre syntaktiske trekk er den preproprielle artikkelen, som verkar å vere rimeleg gjennomført hos informantane (eks. hann Tor Arne). Det er samsvarsbøygning mellom subjekt og partisipp (eks. ho Marit Bjørgen vannt sællskreven). Verbet vere blir brukt i staden for ha i rørslekonstruksjonar (eks. en kvæll vi va lakkt åss), og det er eit eksempel på ein uvanlig ikkje-perifrastisk passiv (eks. de toks kje vare på nåkken ting). Subjunksjonen så ('som') blir brukt i sammenlikningar (eks. har du faktis talt fådd fleire så mæ), og ein kan høyre V2 i undersetning (med matriseverbet sjå) (eks. dæmm såg de rætte att gut'n va kje drevven nok). Eksklamativ kan innleiast av eit banneord (eks. Dævven fø fessk vi fikk).

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database