Lenisering
Lenisering vil seie at konsonantane p,t,k blir oppmjuka til b,d,g. Dette språktrekket er kjent frå den "bløde kyststribe" på Sør- og Sørvestlandet, men det finst også i tradisjonell dialekt i det sørlege Helgeland - særleg i Vefsn, Leirfjord og på Vega (Hanssen 1996). Ifølge Hanssen (1996) blir uttalen av p,t,k til ein mellomting mellom p,t,k og b,d,g i dette området.
Kjelde
Hanssen, Eskil. 1996. "Dialektene i Nordland", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 121-134. Oslo: Novus.
Følgende dialekter har dette målmerket: