Samansette verb

Verb som består av eit verb og ein preposisjon (kalla verbpartikkel når det er ein del av verbet) kan ifølge Lie et al. (1997: 83f) delast inn i tre grupper etter i kor stor grad verbet og partikkelen er samansett:

  1. Fast samensette verb (f.eks. avfolke)
  2. Inga samansetting (f.eks. flagge ut)
  3. Både med og utan samansetting (f.eks. bortfalle – falle bort)

Samansettinga kan også variere etter verbform. Partisippformer er i større grad samansett enn andre verbformer (Lie et al. 1997: 85). Dette gjeld for eksempel når det står etter hjelpeverba vere/bli, og da blir det ofte bøygd i samsvar med subjektet.

I gammal tromsødialekt var ifølge Iversen (1918: 85) samansetting av verb i partisipp vanleg:

I dei nordnorske talemålsprøvene samla inn gjennom ScanDiaSyn finst det belegg på samansette verb i perfektum partisipp, som vanlegvis ikkje har samansetting i bokmål. Nokre av desse er eksemplifisert nedanfor, og dei kjem frå spreidde stader i Nordland og Troms. Ein kan også merke seg at samansettingane stort sett er produsert av dei eldre informantane:

I nordisk syntaksdatabase (Lindstad et al. 2009) er setninga Radioen er utriven testa (jf. Lundquist 2014). På dei fleste stadene i Nord-Norge er alle informantane meir eller mindre negative til denne setninga. Eit unntak er Beiarn, kor både dei unge og eldre informantane godtar setninga. Eldre informantar i Mo i Rana og Stamsund godtar den også, men interessant nok finst det også stader kor dei yngre informantane i større grad enn dei eldre informantane godtar setninga, som i Ballangen og Steigen. Akkurat dette siste resultatet samsvarer ikkje med tendensane ein finn i talemålsmaterialet, kor samansetting først og fremst er brukt av dei eldre informantane.

Kjelder

Faarlund, Jan Terje, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo. 1997. Norsk referansegrammatikk, Universitetsforlaget: Oslo.

Iversen, Ragnvald. 1918. Syntaksen i Tromsø Bymaal. Kristiania: Bymaals-lagets forlag.

Lindstad, Arne Martinus; Nøklestad, Anders; Johannessen, Janne Bondi; Vangsnes, Øystein Alexander. 2009. "The Nordic Dialect Database: Mapping Microsyntactic Variation in the Scandinavian Languages". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): NEALT Proceedings Series;Volum 4.

Lundquist, Björn. 2014. "Verb-particles: particle placement in passives", i Nordic Atlas of Language Structures (NALS) Journal, Vol. 1. http://www.tekstlab.uio.no/nals#/chapter/5

Følgende dialekter har dette målmerket: