Stonglandseidet

Stonglandseidet ligg heilt sør på Senja. Tradisjonelt sett er det to viktige hovudskilje mellom dialektene på Senja – forma på første person eintal (eg eller æ(g)) og presens av svake verb i kasta-klassen. I sør har dei tradisjonelt eg og–a-presens, mens i nord har dei tradisjonelt æ(g) og e-presens. Dialektforskjellen mellom nord og sør er framleis til stades, men ut frå opptaka av dei to unge informantane frå Medby i sør er det mykje som tyder på at e-presens er meir brukt enn a-presens hos ungdommen i sør.

I ScanDiaSyn-materialet frå Stonglandseidet er det to eldre informanter - ein mannleg og ein kvinneleg. Talemålet deira er eit e/a-mål med e-infinitiv (eks. vasske) og a-ending i svakt hokjønn ubestemt form eintal (eks. han låvvd åss jo færrga). I presens varierer a- og e-ending (eks. prata, tulle, kåssta, grusa, husske, klattra). I hokjønn fleirtal er endinga –e/-(e)n (eks. færrgen, hytt’n, vekke ‘uker’).

Dei personlege pronomena er e(g), seg, dæmm. Nektingsadverbet er ikkje, stadadverba her/dær og tidsadverba no/då, men det er belegg på forma nu hos informantane. Kv-orda er blant anna ke og kellæss, og det er eksempel på kv-setning utan V2 med lang kv-frase (eks. ka i alle dager fållk jør me så mykkje pænnga). Som hos informantane frå Medby har orda ‘det’ og ‘med’ uttalen og .

I talespråket til informantane høyrer ein palatalisering og lågning i>e, e>æ og y>ø (eks. traffekken ‘trafikken’, veiavjeffta ‘vegavgifta’, slætt ‘slett’, løsst 'lyst').

I opptaka kan ein høyre syntaktiske trekk som adjektiv + infinitivsetning utan preposisjon (eks. jo meir har dæmm løsst å spare ‘jo meir har dei lyst (til) å spare’), relativsubjunksjonen brukt som samanlikningssubjunksjon (eks. e e no egenntli finar i husan her eg har de heime ‘det er no eigentleg finare i husa her enn eg har det heime’). Ein kan også høyre samansetting av verb+partikkel i perfektum partisipp (eks. du e kje fårrdærrva sjlien ‘du er ikkje fordervaslegen’). Denne ytringa har også eksempel på partisippkongruens med subjektet. Det er også eksempel på noko som kan sjå ut som eit resumptivt ('gjentatt') pronomen (eks. dæ veit e ænnda ikkje ka e fårr nåkka ‘det veit eg enda ikkje kva (det) er for noko’), og det kan også sjå ut til at også desse informantane har eksempel på ein spesiell adjektivbøying på Senja med frasen ei læke spann (‘eit lekk spann’) (dette språktrekket er nærare beskrive i omtalen av Mefjordvær). 

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database