Substantiv: antal genus
Nynorsk skriftspråk og dei fleste norske dialektar har tre grammatiske kjønn eller genus – hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Eit velkjent unntak er bergensk, som har felleskjønn og inkjekjønn. Genus kan definerast etter ulike kriterium, men ifølge Faarlund et al (1997: 149ff) er det vanleg å rekne genus etter kva ubestemt artikkel substantivet tar (en, ei, et), og etter kva ending det får i bestemt form eintal (-en, -a, -e):
- Hankjønn: ein stol – stolen
- Hokjønn: ei bok – boka
- Inkjekjønn: eit bord – bordet
I fleire norske dialektar er hokjønnet «truga» ved at den ubestemte artikkelen ei (og eigedomspronomenet mi) blir lite brukt av dei yngre generasjonane. Dette gjeld for eksempel i Oslo-dialekten (Lødrup 2011) og i Tromsø-dialekten (Rodina og Westergaard 2015).Hokjønnsendinga –a (eks. bok-a) derimot, er godt bevart. I ein dialekt utan hokjønn (definert ut frå hokjønnsartikkelen ei) vil ein da få dette systemet:
- Felleskjønn: ein/min stol – stolen
- ein/min bok – boka
- Inkjekjønn: eit bord – bordet
I norske dialektar i språkkontaktområde (med samisk og/eller kvensk) manglar hokjønnsformer som mi og ei (Conzett et al. 2011). I desse dialektane kan den tradisjonelle hokjønnsendinga –a stå saman med eit etterstilt hankjønnsord (noko som Lødrup 2011 ikkje nemner som ein muligheit for Oslo-dialekten).
I ScanDiaSyn-materialet er det eksempel på manglande hokjønnsformer (jf. Conzett et al. 2011) i fleire av opptaka frå bygder i Nord-Troms og Finnmark. For eksempel snakkar ei av dei unge informantane frå Manndalen i Kåfjord kommune om «søsstra minn» (a-ending og maskulint possessiv), og frå ein av dei eldre informantane frå Tana kan ein høyre frasar som «denn minne» (ikkje-nøytrum determinativ og nøytrumsord) og «bæsstefar mi» (maskulint substantiv og feminint possessiv).
Kjelder
Conzett, Phillipp, Åse Mette Johansen og Hilde Sollid. 2011. «Genus og substantivbøying i nordnorske språkkontaktområder». Nordisk tidsskrift for andrespråksforskning, 35-73.
Faarlund, Jan Terje, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo. 1997. Norsk referansegrammatikk, Oslo: Universitetsforlaget.
Lødrup, Helge. 2011. «Hvor mange genus er det i Oslo-dialekten?». Maal og Minne 2, 120-136.
Rodina, Yulia og Marit Westergaard. 2015. «Grammatical gender in Norwegian: Language acquisition and language change». Journal of Germanic Linguistics.
Følgende dialekter har dette målmerket: