Kautokeino

Talemålet til ScanDiaSyn-informantane frå Kautokeino er eit e-mål: Både infinitiv og hokjønn eintal ubestemt form ender på –e, slik som i være og lue/jente. Endinga i presens varierer noko, men har ofte endinga –r som i føller (’følgjer’) og sjønner (’skjønner’). Ståande -r høyrer ein også i fleirtal av substantiv, og i ubestemt og bestemt form fleirtal er endingsparet ofte –er/-an som i luerluan. Ein kan også høyre endinga –a i ubestemt form fleirtal som i nåån episoda (’nokre episodar’).

Når det gjeld genus, brukar informantane i opptaka stort sett berre to genus: Det berre eit belegg på hokjønnsforma ei (eks. ei n- nabojenntonnge), og eit belegg på førenstilt possessiv mi (eks. mi sjyll) ytra av den eldre kvinnelege informanten. Det er også to belegg på frasar som dattra mi med a-ending og etterstilt feminint possessiv. I opptaka er det eksempel på hankjønnsformene en og sin som førestilt determinativ til hokjønnsord som i sin jænnte, en jennte.

Dei personlege pronomena er mellom anna æ i 1.person eintal, men innimellom er også forma jei nytta. I objektsform kan ein høyre mei, dei, sei (’meg’, ’deg’, ’seg’). I 3. person fleirtal er forma demm. I opptaka er det også eit belegg på forma nått (’noko’) med kort vokal. Nektingsadverbet er ikke, og både no og noko nu er brukt som tidsadverb. Ein kan også høyre former som jæmme (’heime’), mye, snø/sne, skol’n og syv.

Av fonetiske trekk kan ein merke seg at det er lite lågning e>i, som i fissk, men det er meir lågning e>æ som i træffe, fjællskole, kvæll’n og læse. Det er også noko affrikatuttale av skriftspråkets kj (tjøre (’kjøyre’), tjæller (’kjeller’)). Korte konsonantar blir i nokre tilfella forlenga som i tokk ('tok'), og den stemte plosiven g får i nokre døme ein uttale som minner om ustemt k som i vassdrak (’vassdrag’). I tillegg har den eldre kvinnelege informanten ein tydeleg fremre uttale av vokalen a slik at den nesten høyres ut som æ. Ein kan også høyre døme kor hovudtrykket er plassert på førstestavinga som i ’Jammha (’Yamaha’), ’Pollaris (’Polaris’) og ’naturn (’naturen’).

Når det gjeld syntaks, kan det nemnast at spesielt den eldre mannlege informanten har ytringar med adverba dær/hær som subjekt (hær e åsså masse svennska). Det er lite av samsvarsbøygning av perfektum partisipp, eit døme er faens ufissken såmm e kåmmen hit. For å uttrykke futurum blir som i mykje anna nordnorsk bli+å brukt. Og denne konstruksjonen blir av informantane frå Kautokeino også brukt i presens preteritum: æ har ikke blidd å se nåån episoda og vi ha kke blidd…

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database