Tonefall og prosodi
Tonelag, høgtone og lågtone og såkalla cirkumfleks i norske dialektar er kort og godt greidd ut og eksemplifisert på denne nettsida frå NTNU. Abrahamsen (2004) er ein lettlest artikkel som utbroderer dette temaet noko meir.
Storparten av nordnorske dialektar har høgtone, men unntaket er (tradisjonelle) austlandske innflyttardialektar som i Susendal (Bugge 1996) og indre Troms (Jahr 1996), kor det austlandske tradisjonelt tonefallet er bevart.
Dei fleste norske dialektane har tonelagsmotsetning, altså at substantiv som for eksempel loven og låven blir uttalt med høvesvis tonelag 1 og tonelag 2. I delar av Nord-Troms og Finnmark har ikkje dialektane tonelagsmotsetning. Det vil seie at ein i desse dialektane ikkje kan høyre forskjell på loven og låven. Sidan Nord-Troms og Finnmark er gamle språkkontaktområde, kan ein tenke seg at det er årsaken til den manglande motsetninga, men også i andre område som rundt Bergen og på sørvest-Helgeland manglar tonelagsmotsetning (Sandøy 1985).
Til sist litt om trykkplassering: Generelt i nordnorsk kjem trykket i uttalen av for eksempel verb+partikkel på partikkelen som i gå BOrt. Lånord som baNAN har vanlegvis den saman trykkfordelinga. Dette kan også gjelde ord og namn som blyANT, marTYR, MarTInsen og BenJAmin(sen) som ikkje har ei slik trykkfordeling i sørlege dialektar (Bull 1996). I dialektar kor norsk har møtt finsk og/eller samisk som for eksempel i Skibotn, kan trykket komme på førstestavinga i ord eller ordgrupper som ikkje har det andre dialektar (Junttila 1996): Dette kan gjelde i lågtyske lånord som BEhøve, BEstille, FORtelle; fraser med tittel og namn som LÆrar Leigland, ONKel Jakob; og samansette namn som ANNe Lise.
Kjelder
Abrahamsen, Jardar E. 2004. «Melodiane i språket», i Norsklæreren 1: 22-25. Manuskript tilgjengeleg: http://jardar.nvg.org/spraak/art_om_spraak/melodiar.pdf
Bugge, Toril. 1996. «Drag frå eit blandingsmål – susendalsmålet», i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 148-155. Oslo: Novus.
Bull, Tove. 1996. «Målet i Troms og Finnmark», i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 157-175. Oslo: Novus.
Jahr, Ernst Håkon. 1996. «Dialektane i indre Troms – Bardu og Målselv», i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, 180-185. Oslo: Novus.
Junttila, Jorid Hjulstad. 1996. «Språkkontakt i ei bygd i Nord-Troms», i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 201-217. Oslo: Novus.
Sandøy, Helge. 1985. Norsk dialektkunnskap. Oslo: Novus.
Internettressursar:
NTNU: «Tonelag i norsk» http://www.ling.hf.ntnu.no/ipa/no/tema_008.html
Følgende dialekter har dette målmerket: