Vannøya

Grensa mellom midttromsmål og nordtromsmål går gjennom Karlsøy kommune, og dette er lett å høyre i talemålet til dei tre ScanDiaSyn-informantane frå Vannøya. Alle tre har e-mål som i Nord-Troms, altså at både infinitivar og svakt hokjønn ubestemt form eintal ender på –e (å vere, ei jente). Men medan Nord-Troms og Finnmark har nektingsadverbet ikke, har desse informantane den tradisjonelle forma ikkje. Tidsadverba er no (men nokre belegg på nu)og , og dei personlege pronomena er eg i 1.person eintal og dem i 3.person fleirtal hos dei unge og variasjon mellom dem og de hos den eldre mannlege informanten.

I hokjønn fleirtal er endingane –e/-en. I presens av svake verb er endinga stort sett –eller apokopert bort, men det er eit par belegg på a-presens. Verbalsubstantiv blir laga med –ar (fæskar).

Skriftspråkets u blir uttalt som o føre opphavlege lange dentalar. Det er palatalisering, lågning og opning i måla til alle informantane. Av meir karakteristiske særdrag kan alveolar uttale av s i samband med l (slitn i staden form sjlitn) hos den unge kvinna og alveolar uttale av s i samband med j (sjøl) hos den eldre mannen nemnast. Lyden r har ein noko frikativ uttale, spesielt hos dei to førnemnde informantane, og konsonantsambandet rk blir uttalt meir som sjk (tørrke). I samansette ord kjem hovudtrykket på andreleddet som i jennaTRÆkk, og igjen gjeld dette først og fremst talemålet til den unge kvinnelege informanten og den eldre mannlege.

Både dei unge og den eldre informanten har samsvarsbøygning av partisipp, og ein kan høyre at predikatsadverbial kjem tidlegare i setninga enn kva som ville ha vore naturleg i skriftspråket (eks. kvinnfållkan å mannfållkan funngere jo opp i hode på totalt føsjellie måta). Alle har også den preproprielle artikkelen. Det er også eksempel på at det ikkje er preposisjon når ein infinitivsetning står som utfylling til eit adjektiv som flink (eks. vi va flinngk å svømme).

På ordnivå har dei jamt over mange tradisjonelle former som mykje, vatn, heim, (å) sei, vekka, sny, båll, gång. Ein kan også merke seg bruken av verbet i tydinga å rekke eller liknande. Partikkelen an og adverbet sånn blir uttalt med t, altså det går ant for det går an. Presensforma kommer blir også brukt.

Tonefallet til dei unge og den eldre informanten skil seg frå kvarandre. I den forbindelse kan det vere nyttig i vite at besteforeldra hans tala samisk. Den eldre informanten har også tronge e-ar i ord som her, der, sver (’svær’) og lert (’lært’), medan dei unge seier for eksempel hær/dær. Den eldre informanten har også noko affrikatuttale av skriftspråkets kj (tjiloen i staden for kjiloen). Relativpronomenet så/såmm blir også nytta som samanlikningssubjunksjon (...kann litt mæir såmm anndre fållk) av den eldre informanten, og eit anna særdrag er at han har substantivet gjeng som intetkjønn (ett jænnge).

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database