Mo i Rana

Tradisjonelt sett har ranamål restar av kløyvd infinitiv med apokope og tjukk l av begge opphav. To andre typiske målmerke for denne dialekten er apokope i presens av overvektsverb (blant anna verb i kasta-klassen) og dei personlege pronomen eg, meg, deg.

Det er noko forskjell i talemålet til dei eldre informantane: Den eldre kvinnelege informanten snakkar meir tradisjonelt enn den mannlege. Det er også forskjell mellom dei yngre informantane, men her har den unge, mannlege informanten eit meir tradisjonelt talemål enn den unge jenta.

Alle informantane kan seiast å ha nullinfintiv (altså apokope av infinitivsendinga) (eks. å jær, å fær, vær, hør, start), men den eldre kvinnelege informanten har spor av jamvektsregelen i infinitiv av vere (eks. vara, va). Forma va blir også brukt av den unge mannlege informanten. I presens varierer endinga mellom apokope, e- og a-ending uavhengig av verbklasse (eks. lik, bruk, prøv, lika, heita, passa, hælls, håp, håpe, nikk), men det verkar som om det er meir apokope hos dei unge enn hos dei eldre. Verba vere og komme blir bøygd sterkt av dei eldre informantane (med former som kjem og (har) vøre), mens dei heller blir bøygd svakt av dei unge informantane. I hokjønn får svake substantiv i ubestemt form eintal stort sett endinga –a (eks. hytta, ei stua, håLLka), og det same i bestemt form eintal (eks. soLa, tia, fritia). I hokjønn fleirtal er endinga –e og –(e)n (eks. sjøytæ, tie, jennte, skrusjøyt’n, bekksømskoen, strømmpen). 

Den eldre kvinnelege informanten har tjukk l av begge opphav (eks. ækkLe, håLlka, fåLlk, juL, oLan ‘orda’, joL ‘gjorde’, gåLa ‘gårdar’), mens dei tre andre har berre tjukk l av historisk l (eks. oran ‘orda’). Dei eldre informantane har palatalisering av historiske dentalar (eks. redd, vinn, grett), mens dei yngre har mindre. Minst har den unge, kvinnelege informanten, som omtrent berre har palatalisering i substantivet hytte. Dei eldre har også (delvis) palatalisering av velarar (eks. mykkje, skojen ‘skogen’), mens dette høyrer ein i liten grad hos dei yngre. Ein annan forskjell mellom dei eldre og dei yngre er privativpartikkelen, som er o hos dei eldre og u hos dei yngre (eks. osekker). Alle informantane har lågning e>æ, i>e og y>ø (eks. lættest, fenngran, bøggd) og opning (eks. førr ‘for’, oppvøkks’n ‘oppvoksen’ , vøre ‘vore’).

Av syntaktiske forhold har dei eldre informantane samsvarsbøygning av partisipp (eks. så va ikkje soLa kåmen) og her/der som subjekt (eks. der e vørrt’n tunæll i jønnå no ‘der har vorte tunnell igjennom no’). Den preproprielle artikkelen synest også å vere meir eller mindre obligatorisk (eks. hann Ask). Spesielt for denne dialekten er muligheita til å dele opp kv-frasar slik at ein del står initialt i setninga og den andre lengre bak i setninga (eks. ke e ska jær de slakks ‘korleis skal eg gjere det’). Det er også belegg for at det kan være V3 i kv-spørsmål med lang kv-frase (eks. ke ossjlofåLLk e på sjlakks vis).

Elles er dei personlege pronomena eg, deg, meg, dåkk. Nektingsadverbet konsekvent ikkje hos den eldre kvinnelege informanten. Hos den eldre mannlege informanten varierer det mellom ikkje og ikke (avhengig av samtalepartner), og dei yngre informantane bruker konsekvent ikke. Tidsadverba er no og hos dei eldre, mens dei unge har no og da. Stadadverba varierer mellom her/der og hær/dær hos dei eldre, mens dei yngre berre har hær/dær. Kv-orda er hos dei eldre og den unge mannlege informanten mellom anna ke ‘kva’ og keffør ‘kvifor’, mens den unge kvinnelege informanten seier ka og koffår. Relativsubjunksjonen har forma hos dei tre første informantane, mens den unge kvinnelege informanten har forma såmm.

Hos dei eldre informantane kan ein høyre former som sjå, sny, ånnera (‘ski’), ørrja (‘bindinga’), baklænn, jusst, ganng (‘gå’), Sværrge, og hos dei yngre former som ganng (‘gå’), jænna, kela, uke, høvele, jæfft, snø.

Målmerker

Denne dialekten har følgende målmerker:

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database