Tjukk l av historisk 'l'

Tjukk l er ein l-lyd som finst i nordnorsk frå Hamarøy og sørover i Trøndelag og Austlandet. Tjukk l har to opphav i norrønt: ’vanleg’ l og konsonantsambandet rð. Området for tjukk l av historisk l er tradisjonelt større enn området for tjukk l av .

I dialektar kor ein har tjukk l (markert med ’L’) av begge opphav vil ein seie både soL (sol), foLk (folk), gaL (gard), boL (bord) (stor L markerer tjukk l). I dialektar med tjukk l berre av opphavleg l vil ein seie soL og foLk, men gar og bor. I dialektar utan tjukk l vil ein seie sol, folk, gar, bor.

I nordnorsk har helgelandsmåla tradisjonelt tjukk l av både historisk l og norrøn , mens ein i Salten tradisjonelt berre har tjukk l av opphavleg l (Jahr og Skare 1996). Vi finn også tjukk l av begge opphav i dei tradisjonelle austnorske innflyttarmåla i indre Troms og Finnmark, men her er tjukk l av norrøn mindre vanleg (Jahr 1996).

I opptaka frå ScanDiaSyn held tjukk l seg godt i det tradisjonelle området for tjukk l i Nord-Noreg (opp til Hamarøy), men dette gjeld berre for tjukk l av historisk l. Mens eldre informantar frå Helgeland og indre Troms i større eller mindre grad har tjukk l av historisk , har dei unge informantane frå dei same områda ikkje det.

Kartet nedanfor viser utbreiinga til tjukk l i nordnorske dialektar (NB! ikkje utbreiinga i sørnorske dialektar).

Kjelder

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.

Jahr, Ernst Håkon. 1996. ”Dialektane i indre Troms – Bardu og Målselv”, i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 180-185. Oslo: Novus.

Følgende dialekter har dette målmerket: