Tjukk 'l' av historisk 'l' og 'rd'

Tjukk l er ein l-lyd som finst i nordnorsk frå Hamarøy og sørover i Trøndelag og Austlandet. Tjukk l har to opphav i norrønt: ’vanleg’ l og konsonantsambandet rð. Området for tjukk l av historisk l er tradisjonelt større enn området for tjukk l av .

I dialektar kor ein har tjukk l (markert med ’L’) av begge opphav vil ein seie både soL (sol), foLk (folk), gaL (gard), boL (bord) (stor L markerer tjukk l). I dialektar med tjukk l berre av opphavleg l vil ein seie soL og foLk, men gar og bor. I dialektar utan tjukk l vil ein seie sol, folk, gar, bor.

I nordnorsk har helgelandsmåla tradisjonelt tjukk l av både historisk l og norrøn , mens ein i Salten tradisjonelt berre har tjukk l av opphavleg l (Jahr og Skare 1996). Vi finn også tjukk l av begge opphav i dei tradisjonelle austnorske innflyttarmåla i indre Troms og Finnmark, men her er tjukk l av norrøn mindre vanleg (Jahr 1996).

I opptaka frå ScanDiaSyn held tjukk l seg godt i det tradisjonelle området for tjukk l i Nord-Noreg (opp til Hamarøy), men dette gjeld berre for tjukk l av historisk l. Mens eldre informantar frå Helgeland og indre Troms i større eller mindre grad har tjukk l av historisk , har dei unge informantane frå dei same områda ikkje det.

Det følgande kartet viser stader med belegg på forma oL ('ord')i nordnorske dialektar i Nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009). Vi ser at utbreiinga samsvarar godt med den tradisjonelle isoglossen, som er vist i det nederste kartet. Kartet fortel ikkje om det er unge eller eldre informantar som har ytra denne forma.

Kjelder

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.

Jahr, Ernst Håkon. 1996. ”Dialektane i indre Troms – Bardu og Målselv”, i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 180-185. Oslo: Novus.

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

Følgende dialekter har dette målmerket: