Adjektiv med infinitivsetning som utfylling

Adjektiv kan ta infinitivsetning som utfylling, men det varierer mellom dei norske dialektane om infinitivsetninga står aleine som utfylling til adjektivet som i (1a), eller om preposisjonen til også må vere til stades, som i (1b). (Eksempel frå Faarlund et al. 1997: 406.)

 (1)       a. Dei er flinke å lese

            b. Hun er flink til å lede

 

Ifølge Faarlund et al. (1997: 406) er ikkje preposisjonen vanleg i vestlandske og nordnorske målføre, slik at setningar som (1a) vil vere mest vanleg i desse områda. Undersøkinga til Haugen (2014) av adjektiv med utfylling i ScanDiaSyn-materialet stadfestar variasjonen: Konstruksjonstypen i (1a) utan preposisjon er belagt først og fremst i Nord-Norge og på Vestlandet, mens konstruksjonstypen i (1b) med preposisjon er belagt først og fremst i Trøndelag og på Austlandet. Haugen (2014: 59) påpeker at dette ikkje betyr at konstruksjonstypen i (1a) er obligatorisk i nordnorsk og vestlandsk, men at denne typen er meir akseptabel i desse områda enn i Trøndelag og på Austlandet. Isogloassane er vist i dei følgande karta (tilsvarande kart som Haugen 2014: 56f) generert fra nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009).

 

Utbreiing for flink til å:                                              Utbreiing til flink å:

 

 

Kjelder

 

Faarlund, Jan Terje, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo. 1997. Norsk referansegrammatikk. Oslo: Universitetsforlaget.

 

Haugen, Tor Arne. 2014. "Adjektiv med utfyllingar: Geografisk og medial variasjon", i Johannessen, Janne B. og Kristin Hagen (red) Språk i Norge og nabolanda. Ny forsking om talespråk, s. 47-64. Oslo: Novus.

 

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

 

Følgende dialekter har dette målmerket: