Framtid uttrykt med 'bli'+'å'
I nordnorsk blir framtid ofte uttrykt ved hjelp av frasen bli å som i det blir å regne i morgon (Bull 1996: 163). I andre deler av landet kan bli uttrykt som det kjem til regne morgon. Konstruksjonstypen med bli å blir rekna som nordnorsk. Iversen (1996[1954]) foreslår at han er eit lån frå samisk, kor framtid kan bli forma av hjelpeverbet šad’dât (bli) + infinitiv. Noko som talar for dette, er dei geografiske forholda. Dei tradisjonelle samiske områda fell saman med områda kor denne måten å uttrykke framtid på er vanleg, som frå Salten til Alta og elles i Finnmark, men mindre i for eksempel Lofoten og Vesterålen (Iversen 1996[1954]).
I Nordisk syntaksdatabase (Lindstad et al. 2009) er setninga Æ trur det blir å regne til natta testa. Setninga er godtatt over heile det nordnorske område blant dei unge informantane. Setninga er ikkje godtatt blant dei eldre informantane i det sørlege Nordland (Sømna, Herøy, Hattfjelldal) og i Beiarn, og heller ikkje blant eldre i språkkontaktkommunane Kvænangen og Lakselv. Dette mønsteret viser seg også i opptaka. I opptaka frå for eksempel dei sørlege nordlandskommunane er det ein forskjell mellom dei unge og dei eldre informantane, kor dei unge bruker denne strukturen, men ikkje dei eldre. Det kan altså sjå ut til at denne konstruksjonen breier seg i heile det nordnorske språkområdet.
Dei følgande karta viser treff på søket blir å for høvesvis unge og eldre informantar i Nord-Noreg i Nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009). For å auke talet treff hos dei eldre informantane blei det lagt inn moglegheit for eit ord mellom blir og å.
Minst eitt belegg for blir å hos unge informantar (kart til venstre) og hos eldre informantar (kart til høgre):
Kjelder
Bull, T. 1996. ”Målet i Troms og Finnmark”, i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 157-179. Oslo: Novus.
Iversen, Ragnvald. 1996 [1954]. ”Framtid uttrykt ved 'bli'+infinitiv av hovedverbet”, i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, Oslo: Novus.
Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.
Lindstad, Arne Martinus; Nøklestad, Anders; Johannessen, Janne Bondi; Vangsnes, Øystein Alexander. 2009. "The Nordic Dialect Database: Mapping Microsyntactic Variation in the Scandinavian Languages". In Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (eds.): NEALT Proceedings Series;Volum 4.
Følgende dialekter har dette målmerket: