Hammerfest

Talemålet til ScanDiaSyn-informantane frå Hammerfest er eit e/a-mål, kor infinitivane har e-ending (eks. prate), og svake hokjønnssubstantiv i ubestemt form eintal får a-ending (eks. ei hytta, æi venninna), men denne endinga varierer med e-ending. Nektingsadverbet har forma ikke, og første person eintal og tredje person fleirtal av pronomen har formene æ og demm.

Som alle andre dialektar nordom Senja har informantane e-presens. Supinum av korstava verb har endinga –dd. Talemålet til både dei unge og eldre informantane har tre kjønn (eks. æi bok, ei hytta), og i hokjønn fleirtal er endingane –e og –(e)n (eks. settninge, krisepakken).

Dei eldre informantane har gjennomført palatalisering av opphavlege lange dentalar, men det er ikkje like gjennomført hos dei yngre. Hos dei eldre er det også ein del døme på vokalen o der skriftspråket har u, før lange palatalar (eks. honna ‘hundar’). Det er også nokre døme på dette hos dei yngre også, men i mindre grad. Det er noko lågning, og først og fremst y>ø (eks. fløttefot, trøkke). Særleg hos dei eldre kan ein høyre at konsonantsambandet rk kan bli uttalt sjk (eks. åssjke ‘orkar’), mens s-en er uttalt i ord som Osslo og svær (i staden for sj-lyden). Det er noko apokope i infinitiv og presens, og det kan verke som om dette skjer oftare hos dei eldre informantane enn hos dei yngre. Hos dei yngre informantane kan ein også høyre samanblanding av kj- og sj-lydane.

Av syntaktiske særdrag kan ein nemne at den preproprielle artikkelen er stort sett brukt (eks. ho mamma). I talemålet til dei eldre kan ein også høyre at adverba ‘der’/‘her’ kan fungere som subjekt (eks. dær e så mye fattidåm), men ikkje hos dei yngre. Videre er det i opptaka av dei eldre eksempel på at et pronominelt objekt kjem føre partisippet ­–  altså ein slags OV-rekkjefølgje eller objektsløfting (eks. vi fikk den sællt). Opptaka har også døme på at adjektiv tar infinitivssetningar utan preposisjon (eks. go å prate), og at nektingsadverbet kjem føre trykklett pronominelt subjekt (eks. årrk ikke vi). Hos begge aldersgrupper kan ein høyre hjelpeverbet vere i nokre tilfelle bli brukt i staden for ha der ha ville har vore naturleg i skriftspråket (eks. så lanngt e æ kke kåmmet ænnda). Futurumskonstruksjonen bli+å er også belagt hos begge aldersgrupper (eks. kanskje man blir å flytte bort for å gå på skole). 

Elles bruker dei eldre informantane tidsadverbet no mest, mens dei yngre bruker mest nu . Av kv-orda er det noko blanding mellom kv- og v-uttale. Dei eldre informantane har mellom anna spørjeorda kass, kor, vær (‘kvar’) og koss’n, og dei yngre væranndre, ka og koffer. Ein kan høyre bokmålsformer som mye, jæm (‘heim’), skolen, kåmmet og kåmmer, og former som honnarbei (‘hundarbeid’), imella ('i mellom'), mannsjite ('mannskit'), målltkosa (pret. av '-kose'), krættur (, sætta (perf.part. av 'sette') og nåt (‘noko’).

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database