Kv-spørsmål utan V2

Kv-spørsmål er spørsmål innleidde med eit spørjeord slik som til dømes Kor bur du? Kva kjøpte du? Kvifor likar du dialektar?. I skriftspråket (bokmål/nynorsk) blir spørjeordet/-frasen følgt av verbet i direkte spørsmål, men i mange norske dialektar kan verbet komme lenger ut i setninga slik som i Kor du bor? og Ka du kjøpte?. I desse døma er spørjeordet følgt av subjektet i setninga medan verbet kjem på tredjeplass. Nokre gonger blir fenomenet kalla "kv-spørsmål utan V2" sidan verbet altså ikkje kjem på andreplass i setninga (V2).

Slik ordstilling er vanleg i nordnorske dialektar, men fenomenet strekkjer seg mykje lenger sørover gjennom Trøndelag og på Vestlandet sør til Rogaland og jamvel i indre og nordlege delar av Austlandet. Dialektane skil seg likevel frå kvarandre. I store delar av det nordnorske språkområdet er det slik at manglande V2 berre er tillatt etter dei korte spørjeorda kem, ka, kor, noko som iblant blir omtalt som "Elstads generalisering" etter Elstad (1982). Men i nokre dialektar er manglande inversjon også tillatt med lengre kv-ord og -frasar slik Koffør dem sir de? og Kor mange eleva de va som kom?. Dette gjeld mellom anna den tradisjonelle dialekten i Nord-Troms (Nordreisa, Kåfjord), og Nilsen (1996) ser dette i samanheng med språkkontaktsituasjoen i dette området.

I nokre dialektar i Troms (mellom anna i Tromsø) er det elles slik at dersom spørjeordet/-frasen er subjekt i setninga, kan den vera lengre enn berre kem, ka, kor medan andre kv-spørsmål berre kan ha dei korte. I desse dialektane kan ein altså finna Kor mange eleva som går i klassen? sjølv om ein ikkje finn *Kor mange eleva har du i klassen?. I Midt- og Sør-Noreg finn ein atter andre mønster for kv-spørsmål utan V2 (sjå Vangsnes 2006 og litteratur sitert der). 

Kjelder

Elstad, Kåre. 1982. Nordnorske dialektar. I T. Bull og K. Jetne (red.) Nordnorsk språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, s. 9-101. Samlaget, Oslo.

Lie, Svein. 1992. ’Ka du sei?’ Maal og Minne 1992:62-77.

Nilsen, Hilde. 1996. Koffer dæm sir det? : spørresetninger i nordreisadialekten, hovedoppgave, Tromsø: Universitetet i Tromsø.

Vangsnes, Øystein A. 2006. ’Microparameters for Norwegian wh-grammars’. Linguistic Variation Yearbook 5:187-226.

Åfarli, Tor Anders. 1986. ’Some syntactic structures in a dialect of Norwegian’. University of Trondheim Working Papers in Linguistics 3:93-111.

Følgende dialekter har dette målmerket: