Substantiv: delt hokjønn
I mesteparten av nordnorsk i dag er endinga i hokjønn bestemt form eintal -a (den visa, den bygda). I tradisjonelle nordnorske dialektar er det meir variasjon med kløyvd hokjønn (sjå nedanfor) og æ-ending i tradisjonelle dialektar på Nord-Helgeland (den visæ, den bygdæ).
I tradisjonelle dialektar på Sør-Helgeland (og i tradisjonelt saltenmål) får sterke og svake hokjønnsord ulik bøying (Jahr og Skare 1996: 30ff), slik dei også hadde i norrønt. Kriteriet for såkalla delt eller kløyvd hokjønn er at sterkt og svakt hokjønn får forskjellig ending i bestemt form eintal. Delt hokjønn finst tradisjonelt også i indre strøk av Sør-Noreg (Sandøy 1996: 178f).
Dei følgande tabellane viser bøyingsparadigma til svakt og sterkt hokjønn i ytre og indre strøk av Sør-Helgeland. Som jamføringsgrunnlag er bøying av svakt og sterkt hokjønn i nominativ kasus norrønt (den siste tabellen).
Tradisjonelle dialektar i ytre strøk av Sør-Helgeland, som for eksempel Sømna:
|
ub.form eintal |
b.form eintal |
ub.form fleirtal |
b.form fleirtal |
Svakt |
ei visa |
viså |
visår |
visån |
Sterkt |
ei bygd |
bygde |
bygde |
bygden |
Tradisjonelle dialektar i indre strøk av Sør-Helgeland, som for eksempel Hattfjelldal:
|
ub.form eintal |
b.form eintal |
ub.form fleirtal |
b.form fleirtal |
Svakt |
ei visa |
viso |
visår |
visån |
Sterkt |
ei bygd |
bygdæ |
bygde |
bygden |
Bøying av sterkt og svakt hokjønn på norrønt (nominativ):
|
ub.form eintal |
b.form eintal |
ub.form fleirtal |
b.form fleirtal |
Svakt |
vísa |
vísan |
vísur |
vísurnar |
Sterkt |
bygð |
bygðin |
bygðir |
bygðirnar |
I opptaka i nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009) er dette delte systemet til ein viss framleis bevart hos dei eldre informantane frå Herøy, Hattfjelldal og Sømna, mens det i talemålet til dei unge informantane frå desse plassane er større variasjon mellom ulike endingar, slik at det ser ut til at dette systemet kjem til å forsvinne (som allereie har skjedd i saltenmål).
Kjelder
Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.
Sandøy, Helge. 1996. Talemål. Oslo: Novus.
Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.
Følgende dialekter har dette målmerket: