Sømna

Frå Sømna på Sør-Helgeland er det fire informantar i ScanDiaSyn. Slik dialekten kjem til uttrykk hos dei eldre informantane, har han likheitstrekk både med anna nordnorsk og med nordleg trøndersk. Sømnadialekten har typiske nordlandske trekk som for eksempel a-ending i presens av verb i kasta-klassen (eks. passa) og i svakt hokjønn ubestemt from eintal, nektingsadverbet ikkje, relativpronomenet (‘som’) og bruk av her/der som upersonleg subjekt (eks no e hær no snart ikkje yssjkesfesskær ijenn).

Trekk som er felles med trønderske dialektar er for eksempel mangel på samsvarsbøygning av partisipp, partisipp av sterke verb på –i (eks. vårri, drepi, drevvi) og endingsvokalen –i som utlydsvokal i staden for e (eks. håLLmi, kansji ‘kanskje’, gaLi ‘gale’, liti ‘lite’, lenni ‘lenge’).

Hos dei unge informantane, som er skoleelev/student, kan ein framleis høyre mange av dei tradisjonelle formene, men talemålet deira er i stor grad prega av variasjon mellom tradisjonelle og regionale former/standardformer.

Dialekten til dei eldre informantane kan seiast å ha kløyvd infinitiv med apokope (eks. varra, væta, sett, snakk) i motsetning til dei unge, som har flest apokopeformer og berre nokre spor av kløyvd infinitiv (eks. va, var (‘vere’), verra). I talemålet til dei unge er det også eksempel på infinitiv med ending på –e og –a (eks. kåmme, henna ‘hende’, skade). I kortstava supinum er endinga i begge aldersgrupper stort sett -tt, og ikkje -dd, slik som i dialektar lenger nord.

Dei eldre har kløyvd hokjønn med endinga –e i sterkt hokjønn bestemt form eintal (eks. tie ‘tia’, more ‘mora’), og endingane a eller –å i svakt hokjønn (eks. hovedkjæssjka/hovedkjæssjkå). Hos dei yngre informantane er det spor av kløyvd hokjønn, men det er ikkje konsekvent gjennomført. Dermed kan ein høyre både  a- og å-ending i svakt hokjønn bestemt form eintal (eks. katta, klåkkå, uka, oppgava), og endingane a-, æ, og i-ending i sterkt hokjønn bestemt form eintal (eks. pLatå, tia, tiæ, kaii 'kaier' og brua). Det er kløyvd hokjønn hos dei eldre også i fleirtal, slik at svakt hokjønn får endinga –år/-ån i fleirtal (eks. vekkår ‘uker’, kattån ‘kattene’), og sterkt hokjønn får endinga –an i fleirtal (eks. øyan ‘øyene’, kjærringan ‘kjerringene’). Dette er ikkje konsekvent gjennomført hos dei yngre informantane, som i svakt hokjønn fleirtal varierer mellom endingar med og utan ståande rår/-ån, -ar/-an-, -e og -a  (kattar, kattår, jenntan, jenntån,tre uke og krona).

Blant hankjønnsord varierer fleirtalsendingane hos dei eldre mellom vokalane i og a (eks. håLLman ‘holmene’, onngan ‘ungane’, søui ‘sauer’, sæuin ‘sauene’). Hos dei unge kan ein høyre former som masster, syrer, baser, kLasser og bokkser, men også sikkerhetsvæssta.

I opptaka høyrer ein også at dei eldre informantane har tjukk l av begge opphav (eks. soL, oL ‘ord’), mens ein berre kan høyre tjukk av historisk l hos dei unge. Dei eldre har palatalisering av velarar (eks. laje ‘laget’, tennte ‘tenke’, bejji ‘begge’, fessjen ‘fisken’, grisunni ‘grisunge’, mellkji ‘melken’) og palatalisering av opphavlege dentalar og lågning (eks. jefft ‘gift’). Dei unge har i mindre grad palatalisering av velarer. 

Eit særdrag i dialekten er vokalforlenging i ord som sjed (‘skjedd’) og kal (‘kald’). Det opphavlege konsonantsambandet pt blir uttalt ft (eks. sjlæfft ‘slapt’) og privativpartikkelen er o (eks. otrule ‘utruleg’). Hos dei unge informantane kan ein høyre eksempel på forlenging av vokal og overgongen pt>ft, men desse varierer med standardformene. Privatpartikkelen hos dei unge er u.

Dei personlege pronomena er mellom anna e, hainn, dæmm og (‘det’). Bestemt artikkel fleirtal er di. Tidsadverba er hos dei eldre no/, og no (nu)/da hos dei yngre. Dei yngre varierer omtrent likt mellom formene ikke/ikkje (19 og 22 førekomstar), mens dei eldre så å seie berre bruker forma ikkje (59 av 62 førekomstar). Stadadverba blir uttalt her og der (noko hær/dær).

Spørjepronomena er mellom anna ke og koleis’n hos dei eldre, mens dei yngre også bruker forma ka i tillegg til former som korrdan, keffør og kossj'n.

Som i dialekten på Mo kan spørjeordet "korleis" splittast opp slik at kv-delen kjem tidleg i setninga, -leis-delen seint: så veit du jo å- akkuratt kossj'n denn ska høyres ut læis'n (ung, mannleg informant). Legg også merke til at kv-forma kossj'n er brukt i denne strukturen, i motsetning til den tradisjonelle forma ke som vi finn i eksemplet frå Mo. 

Av andre syntaktiske trekk kan ein merke seg at det ikkje er belegg på futurumskonstruksjonen bli+å hos dei eldre, men derimot hos dei yngre (eks. bi dæmm å fLøtt tebake te Tyssklann...). Den preproprielle artikkelen er ikkje obligatorisk.

Elles kan ein i opptaka høyre former som synnt/syn (‘synes’), annesjleis’n, minnes (i staden for huske), snyball, gLunta, syyn (‘sjøen’) og skola (substantivet skole er hokjønn).

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database