Verbet "vere" som hjelpeverb

I norsk kan (presens og preteritum) perfektum dannast ved hjelp av anten hjelpeverbet ha eller hjelpeverbet vere. I norrønt, og ifølge Sandøy (1996: 164) framleis i vestlandsk, islandsk og nordnorsk, markerer verbet vera/vere aspektet resultativ, som beskriv resultatet etter at ei handling er gjennomført. Bull (1996: 163) angir at vere ofte blir brukt ved intransitive verb som signaliserer rørsle eller ein overgang som komme og bli, ved verb som angir byrjing eller slutt og ved verb som angir at noko skjer. Avhengig av aspekt/betyding vil ein i dialektar som markerer resultativ anten bruke hjelpeverbet vere eller hjelpeverbet ha. Sandøy (1996: 163) eksemplifiserer forskjellen i bruk og betyding slik:

  1. Ho er kommen heim
  2. Ho har komme hit kvar dag

I setning (1) er hendinga "å komme heim" avslutta, og hjelpeverbet er vere. I (2) blir hendinga gjentatt dag etter dag og er slik sett ikkje avslutta, og hjelpeverbet er ha. Legg også merke til i (1) med hjelpeverbet vere at partisippet kommen blir bøygd i samsvar med subjektet ho. Partisippbøying er nærmare beskrive her.

I trøndersk og austlandsk brukast oftast hjelpeverbet ha også ved resultativ, slik at ein kan høyre han har gått i staden for nordnorsk han er gått.

I opptaka frå ScanDiaSyn/NorDiaSyn kan ein høyre hjelpeverbet vere i mange resultative kontekster. At dette er vanleg og akseptert i nordnorsk i dag, blir også bekrefta av data i Nordisk syntaksdatabase (Lindstad et al. 2009). I denne databasen ligg setninga Hun er kommet hjem med bedømmingar frå dei nordnorske informantane. Setninga blir godkjent av så å si alle informantane frå Nord-Noreg.

Kjelder

Bull, T. 1996. ”Målet i Troms og Finnmark”, i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 157-175. Oslo: Novus.

Lindstad, Arne Martinus; Nøklestad, Anders; Johannessen, Janne Bondi; Vangsnes, Øystein Alexander. 2009. ”The Nordic Dialect Database: Mapping Microsyntactic Variation in the Scandinavian Languages”. I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): NEALT Proceedings Series;Volum 4.

Sandøy,  Helge. 1996. Talemål. Oslo: Novus.

Følgende dialekter har dette målmerket: