Ballangen
Frå Ballangen i Ofoten er det fire informantar med i ScanDiaSyn-materialet. Slik ofotdialekten framstår i opptaka av desse informantane, synest han å vere i sterk endring. Mens dei to eldre informantane har tradisjonelle målmerke i sitt talemål, manglar tenåringane mange av desse. Likevel, nokre viktige målmerke er til stades i talemålet til begge generasjonane som e-infinitiv, a-presens av svake verb (eks. bruka, lika, heita, men jåbbe), endinga -e(n) i hokjønn fleirtal, og pronomenformene æ, mæ, dåkker, hann. Dei eldre informantane har endinga –a i svake hokjønn ubestemt form eintal (eks. kåkka), men det er ingen belegg på slike former hos dei yngre, så ein kan ikkje seie noko om dette trekket også finst hos desse. Alle informantane har også forma nu mot no, som tradisjonelt er mest vanleg i ofotmål.
Følgande trekk er forskjellig mellom generasjonane hos desse informantane: Mens dei eldre stort sett bruker formene ikkje og mykje, bruker dei yngre formene ikke og mye. Dei eldre har også sterk bøying av verbet kome i presens og av verbet vere i partisipp slik at dei har formene kjem og (har) vor(e) mot formene kommer og vært hos dei unge. Dei eldre bruker også formene her/dær, og desse adverba kan også bli brukt som subjekt (eks. dær e jo en del flåtte både fillmkanala å allt), men det er ingen belegg på det i opptaka av dei unge. Dei unge informantane har også same vokal i både 'her' og 'der', slik at 'her' blir uttalt hær. Vidare har dei eldre samsvarbøying av partisippet etter vere og bli (eks. ...denn hær teven å allt så e kåmmen inn i husan...'denne tv-en og alt som er komen inn i husa'), mens dei unge ikkje bruker det. Sist, men ikkje minst, har dei yngre mykje mindre palatalisering enn dei eldre.
I opptaka av dei yngre informantane kan ein høyre at ingenting blir brukt som determinativ (eks. e de inngentinng mat såmm du ikke like?), hovudsetningsstruktur i leddsetning (eks. ka såmm man finn allti dær?) og adjektiv som tar infinitivsetning utan preposisjon (eks. de har æ løsst å smake). Ein kan også høyre frasar som kossj'n dag (som av Vangsnes 2012 blir omtalt som adnominal 'korleis') og ordet 'stygt' brukt om smak.
I opptaka av dei eldre informantane kan ein blant anna også høyre ytringar kor adverbet nok med tydinga 'tilstrekkeleg' i sluttfeltet i setninga (eks. så lænnge du ee di ikkje klare nåssjk nokk; di sei jo att dær e pænnga nokk) og noko som kan sjå ut som kv-spørsmål utan V2 ved lang kv-frase (eks. ko mannge onnga dær e egentli nu på # Bø).
I tillegg kan ein høyre ord og yttrykk som dennan tia, glunntan ('gutane'), hærane, ta ('av'), heimane ('heimanfrå') hos dei eldre og fassjan ('far'), mossja ('mor') jæmme, kåmmer.
Kjelde
Vangsnes, Øystein. 2012. "Korsn korsn har nordnorsk? Om bruken av korleis saman med substantiv i norske dialektar" (fulltekst) Ottar 2012 (2), s 32 - 40.
Målmerker
Denne dialekten har følgende målmerker:
Målprøver
Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database