Infinitiv: e-infinitiv

I norrønt slutta alle verb i infinitiv på –a, som fara (’fare’), vera (’vere’), kasta (’kaste’). Denne endinga har i mange dialektar endra seg over tid og på ulike måtar, slik at det i dag finst fire ulike hovudsystem for infinitivsending i norske dialektar:

  1. a-infinitiv (å vera, å kasta)
  2. e-infinitiv (å vere, å kaste)
  3. Kløyvd infinitiv (å vera, å kast/kaste)
  4. Apokope/nullinfinitiv (å ver, å kast)

Infinitivsendingar er mykje brukt i inndelinga av dei norske dialektane. Saman med endinga i svakt hokjønn eintal ubestemt form (ei vise) talar ein ofte om a-mål, e-mål, e/a-mål og nullmål. 

I nordnorske dialektar er det i dag hovudsakeleg anten apokope (nullinfinitiv) eller e-infinitiv, men i tradisjonelt er det også kløyvd infinitiv. e-infinitiv finn vi i dialektar i nordlege delar av Nordland (unntatt sørlege Vesterålen), Troms og Finnmark (Jahr og Skare 1996: 47). Endinga kan utelatast av og til og i større eller mindre grad, og dette blir kalla fri apokope.

I talemålsmaterialet frå ScanDiaSyn held infinitivendinga seg omtrent som tradisjonelt beskrive i nordnorsk, men i opptaka frå indre Troms høyrer ein mest e-infintiv, og det er også innslag av e-ending i delar av apokopeområdet. 

Det følgande kartet viser stader i Nord-Noreg med minst eitt belegg på infintivsforma komme i transkripsjonane i Nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009), og vi ser at denne forma med e-ending er belagt i så å seie heile det nordnorske området.

Kjelder

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

 

Følgende dialekter har dette målmerket: