Adverba her/der

Stadadverba her/der (norr. hér/þar) varierer ein del i uttale i Nord-Noreg. Adverbet her kan bli uttalt med trong e eller æ, mens adverbet der i tillegg til vokalane e og æ kan ha bevart a-en frå norrønt. Adverbet her kan dermed ha uttalen /her/ eller /hær/, og adverbet der kan ha uttalen /der/, /dær/ eller /dar/. I enkelte dialektar er vokalen lik i begge adverba, mens i andre dialektar er vokalen forskjellig. Tendensen for heile området sett under eitt er at tradisjonelle former og /hær/ og /dær/ blir brukt om ein annan, og at dei unge informantane bruker hær og dær i enda større grad enn dei eldre.

Dei følgande karta viser utbreiinga til formene /her/ og /dar/ blant høvesvis unge og eldre informantar i transkripsjonane i nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009). Karta viser at forma /her/ er langt meir utbreidd blant eldre enn yngre informantar, mens forma /dar/ er belagt på omtrent like mange stader for både unge og eldre informantar.

Minst eitt belegg på forma her hos unge informantar (kart til venstre) og eldre informantar (kart til høgre):

 

Minst eitt belegg på forma dar hos unge informantar (kart til venstre) og eldre informantar (kart til høgre):

 

Kjelde

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

Følgende dialekter har dette målmerket: