Infinitiv: kløyvd infinitiv

I norrønt slutta alle verb i infinitiv på –a, som fara (’fare’), vera (’vere’), kasta (’kaste’). Denne endinga har i mange dialektar endra seg over tid og på ulike måtar, slik at det i dag finst fire ulike hovudsystem for infinitivsending i norske dialektar:

  1. a-infinitiv (å vera, å kasta)
  2. e-infinitiv (å vere, å kaste)
  3. Kløyvd infinitiv (å vera, å kast/kaste)
  4. Apokope/nullinfinitiv (å ver, å kast)

Infinitivsendingar er mykje brukt i inndelinga av dei norske dialektane. Saman med endinga i svakt hokjønn eintal ubestemt form (ei vise) talar ein ofte om a-mål, e-mål, e/a-mål og nullmål. 

I nordnorske dialektar er det i dag hovudsakeleg anten apokope (nullinfinitiv) eller e-infinitiv, men i tradisjonelt er det også kløyvd infinitiv i sørlege delar av Nordland og i innflyttardialektar i for eksempel indre Troms.

kløyvd infinitiv vil seie at verb med kort rotvokal i norrønt, som fara og vera, har behalda –a-endinga, eller rotvokalen og endinga har blitt lik (såkalla jamning) og fått til dømes uttalen å (fårrå, vårrå). I verb med lang rotvokal i norrønt, som kasta, har endinga blitt redusert til –e i austlandske dialektar, mens endinga har blitt ytterlegare redusert og avhogga (apokopert) i trønderske og nordnorske dialektar. I innflyttarmåla finn ein austlandsk kløyvd infinitiv med e-ending.

I talemålsmaterialet frå ScanDiaSyn er det ei endring i dei dialektane som tradisjonelt har hatt kløyvd infinitiv jamført med beskrivinga over. Meir eller mindre kløyvd infinitiv kan ein høyre hos dei eldre informantane frå Sømna, som tradisjonelt er ein dialekt med mange felles trekk med trøndersk. Elles kan ein høyre spor (det vil seie nokre svært få belegg) av kløyvd infinitiv hos andre informantar frå sørlege Helgeland (men dei bruker mest apokope) og indre Troms (mest e-infinitiv). I sørlege Helgeland er det først og fremst forma va (av vera) som viser at dialekten tradisjonelt har kløyvd infinitiv.

Kartet til venstre viser stader i Nord-Noreg med minst eitt belegg på infinitivsforma va (være) i Nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009), og kartet til høgre viser stader med minst eitt belegg på infinitivsformene vara, varra, verra, væra og værra i same korpus. Forma va finst hovudsakeleg på Helgeland, mens former tilsvarande vera er også belagt i innflyttardialektar i indre Troms og Nord-Troms (Lyngen). Forma væra er også belagt i Tromsø og Lavangen som ikkje skal ha kløyvd infinitiv, men ut frå transkripsjonane verkar det å vere andre årsaker enn kløyvd infinitiv som har ført til a-endinga i desse to tilfella.

Kart til venstre: Stader med minst eitt belegg på forma va ('vere')

Kart til høgre: Stader med minst eitt belegg på former med a-ending ('vera')

Kjelde

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

Følgende dialekter har dette målmerket: