07 Indre tromsmål

Dalføra i indre Troms fekk norsk busetting frå slutten av 1700-talet då innvandrarar frå Østerdalen, Gudbrandsdalen og Trøndelag kom (snl.no, nbl.no). Dialektane, eller "dølemålet", har opp til nyere tid bevart mange av dei austnorske målmerka, og Jahr (1996: 181) nemner fem viktig trekk: lågtone, tjukk av begge opphav (soL, gaL 'gard'), kløyvd infinitiv med jamning og spor av jamvektsregelen (væra 'vere', såvvå 'sove' og i substantiv som harra 'hare'), monoftongering i ord som sten ('stein') og røk ('røyk') og pronomenformer som je ('eg'). Desse trekka held seg ifølge Jahr best i sidedalene, men tjukk l er på retur og særlig for norrøn , og det er på gang en endring fra kløyvd infinitiv til e-infinitiv, slik at desse dialektane ser ut til å bli e-mål (og ikkje e/a-mål som i dei nærliggande tromsmåla).Dialektane i dette området har dermed også mykje variasjon i seg.

Kjelder

Jahr, Ernst Håkon. 1996. "Målet i indre Troms", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, Oslo: Novus.

"Målselv" i Store norske leksikon, snl.no, https://snl.no/M%C3%A5lselv

"Jens Holmboe" i Norsk biografisk leksikon, nbl.snl.no, https://nbl.snl.no/Jens_Holmboe_-_1

Denne dialektgruppa omfatter følgende dialekter:

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database