Subst: hokjønn fleirtal: an-ending

Frå gammalt av vart sterke og svake hokjønnsord (t.d. ei bygd og ei vise) bøygd ulikt, og hovudmønstra for hokjønnsbøygninga har også skilt seg frå hovudmønstra for hankjønnsbøygninga, som t.d. i nynorsk (bygder, men dalar). Begge desse skilja finn vi att i nokre tradisjonelle nordnorske dialektar. I det aller meste av nordnorsk går skiljelina likevel mellom hokjønn og hankjønn, som har a-endingar.

Når det gjeld forskjell mellom sterke og svake hokjønnsord, finn vi dette berre i tradisjonelt sørhelgelandsmål: to visår – dei visån og to bygde – dei bygden. I alt anna nordnorsk blir dei bøygde likt.

I store delar av nordnorsk frå Nord-Helgeland og nordover til Aust-Finnmark blir sterke og svake hokjønnsord bøygd som det sterke over, nemleg som to vise – dei  visen. Eit lite unnatak er tradisjonelt saltenmål, kor endinga er apokopert vekk i ubunden form: to vis – dei visen.

Samanfall mellom hokjønns- og hankjønnsbøygninga, altså at begge får endingane –a/-an i fleirtal, finn vi i spreidde område i Nordland (Meløy, Rødøy, Bodø, Flakstad og Vestvågøy) og i kystmål i Aust-Finnmark (Vadsø): to visa – dei visan. Innerst i fjordane i Finnmark kan ein også høyre –an i bunden form fleirtal, men sjeldnare i ubunden form, slik at ein får to vise –dei visan.

I Finnmark finn ein også endinga –er i ubunden form fleirtal, og denne skal vere mest vanleg i hokjønn. Dette gjeld store delar av Varanger, og desse dialektane har da systemet to viser - dei visen/visan.

Karta viser stader med minst eitt belegg på fleirtalsforma jenta (til venstre) og på fleirtalsforma jentan (til høgre) i nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009).

Kjelder

Bull, Tove. 1996. "Målet i Troms og Finnmark", i i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 157-179. Oslo: Novus.

Jahr, Ernst Håkon. 1996. "Dialektene i indre Troms - Bardu og Målselv", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 180-185. Oslo: Novus.

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

 

Følgende dialekter har dette målmerket: