Beiarn

Frå Beiarn er det fem informantar i ScanDiaSyn-materialet. Beiarn ligg midt i området for saltendialekten, og alle informantane har apokope, som er eit viktig målmerke for dette dialektområdet.

Dei fem informantane tilhøyrer tre forskjellige aldersgrupper, noko som blir spegla i talemåla deira. Dette kjem spesielt til uttrykk i realiseringa av nektingsadverbet. Dei to eldste informantane (i slutten av 60-åra) har fire ulike realiseringar av nektingsadverbet: ittje, itj, tje og tj – altså ein fullform (ittje)som kan miste anten den fyrste eller den siste vokalen, eller begge. Denne formvarisjonen er følgd av variasjon i rekkefølga mellom nektingsadverbet og pronominelt subjekt. Neste aldersgruppe representert ved ein mannleg informant i tjueåra, bruker stort sett forma ikkje (som han varierer med forma ikke), mens dei to yngste informantane (rundt 16) berre bruker forma ikke.  

Informantane har apokope av infinitiv (eks. prat). Det er belegg for apokope i presens også (eks. het), men særleg hos dei yngste informantane vekslar presensforma mellom apokope, e-presens og a-presens uavhengig av klasse, slik at ein finn at eit verb får både a-presens og apokope, mens eit anna får e-presens og apokope (eks. heta, heit, lik, lika, bruke, bruk). I tillegg er det fleire belegg på at verb som skulle hatt a-presens, får e-presens hos desse informantane (eks. fLire, ane). Ein høyrer også apokope i ubestemt form eintal av svake han- og hokjønnssubstantiv hos alle informantane (eks. rymmkåll, sjlalomløyp, ryp, ei hytt, en veninn, kunnd (’kunde’), en okks), men både –a- og –e-endingar finst også (eks. rymmkålle, rømmkålla, ei tannte, ei hytta, kunnde). Apokope i hokjønn ubestemt fleirtal er også utbredt (eks lækks, to uk, to kron). Andre kategoriar er også apokoperte, som dei følgjande eksempla henta frå dei eldre informantane (eks. heim ’heime’, nåkk ’noko’, samm ’same’, ut ’ute’, denn finast). I opptaka av dei unge informantane er det mellom anna eksempel på apokope av adjektiv (eks. ækt ’ekte’, lænng ’lenge’).

Eit anna tradisjonelt særmerke ved saltendialekten er endinga o i hokjønn bestemt form eintal, men dette er ikkje belagt i opptaka. Endinga –a blir brukt i staden (eks. skoLa). I supinum av einstava verb har dei eldre endinga –tt (eks. hatt), mens dei unge stort sett har endinga –dd (eks. fådd, sedd, føtt (’født’)).

Av fonologiske forhold kan tjukk l av historisk l (eks. skoLa), lågning (eks. fessk, fLenngk) og palatalisering av historiske dentalar (eks. ronnt) nemnast. I tillegg har dei eldre informantane vokalen o i staden for u føre lange palatalar (eks. ronnt, ei stonn) og stort sett privativpartikkelen o- (eks. omuli, ota), mens dei unge har u i desse tilfella. I talemålet til dei eldre er det også døme på at konsonantsambandet pt blir uttala ft (eks. kjøfft ’kjøpte’, tafft ’tapt’). 

Dei personlege pronomena er e(g) og di (3.pers.fleirtal) hos dei eldre, men hos dei unge varierer 1.pers.eintal mellom e(g) og æ. Pronomenet ’det’ varierer mellom da og dæ. Tidsadverba er no og hos dei eldre, mens dei unge også bruker formene nu og da. Blant dei lokative adverba ’her’ og ’der’ høyrer ein berre forma dær, men både her og hær. Kv-spørreord som kåleis’n, koless’n og kolest’ høyrer ein berre i opptaka av dei eldre, mens kv-ordet kossj’n finn ein berre hos dei yngre.

Av syntaktiske drag kan vi nemne den preproprielle artikkelen (ho Frida, ann pappa, o mamma), pronomenet hann brukt som referanse til ikkje-menneskelege ting, samsvarsbøygning av partisipp (eks. fødd å oppvokks’n me hunna) og adverba her/der som subjekt (e hær kåmmen manng påmellte). Det siste språktrekket er det ikkje belegg for hos dei unge informantane. Eit siste trekk som kan nemnast er rekkefølga av lokativadverba ’her’/’der’ og ’ute’/’inne’. I skriftspråket er rekkefølga (han er) der ute. I trøndersk, kor formene ’ute’ og ’inne’ er apokoperte, seier ein ofte (han er) ut der (som ein også gjer i engelsk). I opptaka undersøkt her, høyrer ein rekkefølga der ut(e), uavhengig om vokalen e er uttalt eller apokopert.   

I opptaka av dei unge informantane finn ein futurumskonstruksjonen bli+å (eks. bi å bo i senntrum), som ein ikkje høyrer hos dei eldre. I tillegg har dei eldre eksempel på at relativsubjunksjonen så blir brukt som samanlikningssubjunksjon (eks. d e vell meir så bLi borrte kann du sei så).

Målmerker

Vi har dessverre ikke informasjon om målmerker i denne dialekten.

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database