Hattfjelldal
Frå Hattfjelldal er det fire informantar i ScanDiaSyn. Alle informantane pratar tradisjonell dialekt, og særleg gjeld dette dei yngre informantane som er i tjueåra. Dei gjir sjølv uttrykk for at dei snakkar breiare enn andre på same alder. Den eldre kvinnelege informanten er lærar, og ho fortel i opptaka at talespråket til ungdomen skil seg frå den tradisjonelle dialekten med for eksempel forma ikke mot tradisjonelt ikkje, som desse informantane bruker.
I infinitiv har informantane apokope (eks. jær 'gjere', bryt, pass, prat, søv, vær, fær) og eit verb som å ta blir for eksempel bøygd sterkt og får forma te i presens. Presensendinga varierer etter verbklasse med stort sett -a-ending i kasta-klassen og apokope/-e-ending elles (eks. prata, fLøtta, husska, varier, kjøre, hinndre, føl, heite). Informantane har kløyvd hokjønn: Svakt hokjønn har endinga –o i bestemt form eintal, mens sterke har endinga -a (eks. katto, veko, løypo, døra, boka, KvåLbokkta). I ubestemt form eintal har svakt hokjønn endinga –æ (eks. pøllsæ, gøupæ). I svakt hokjønn fleirtal ubestemt form er endinga -æ(r)/-a hos dei unge (eks. grillpøllsær, kattan, løypan) og –år hos dei eldre. Einstava supinum har ikkje obligatorisk ending på -dd (e e føtt… ’eg er født’)
Pronomenformene er e (’eg’), hannj (’han’), di (’dei’) og dokker, og spørjepronomen er for eksempel ke ('kva') og kors ('korleis').
Det er palatalisering av opphavlege dentalar n, t, d, l og av velarar (vikjen for viken og skojen for skogen). Det er også tjukk l av begge opphav. Vidare er det opning av o til ø i vør (< ’(ha) vore’), og denne vokalen finn vi også i dyrenamnet røv (’rev’). Privativpartikkelen er o- som i over (’uver’). Av andre litt meir spesielle ting, spesielt hos dei yngre informantane, kan ein også nemne alveolar uttale av s i konsonantsamband med l og j som i t.d. slalom og sjå; variasjon mellom lang og kort rotvokal i ord som noko og redd (nå:ko/nåkko; re:tj/retj); veldig mørk uttale av retrofleks s (som i åsjka < ’orka’). Det er noko døme på itakisme (sir < ’ser’) og også noko monoftongering (sten, hele). Det er mykje lågning, også i ord som 'med' og 'det' (uttalt mæ, dæ), og utlydande vokal er ofte –æ som i skuLæ. Diftongen 'ei'får uttalen æi.
Når det gjeld syntaks er samsvarsbøygning av partisipp med subjektet etter verba vere og bli levande, og det same gjeld bruk av adverba her/der som subjekt. Det er restar av dativ som i åt vikjen. Verb med partikkel er samansett i partisipp som i dæ sku jo bærre ha vørr nereven (’det skulle jo berre ha vore nedreven’). Av andre, litt meir spesielle ting, er det belegg for den ubestemte artikkel mellom adjektiv og substantiv (kjæmmefin en røv – ’kjempefin en rev’) og at adverb blir plassert etter det infinitte verbet (eks. vi laga åss jo lakks en gånng så ha lije tydlevis litt førr lænnge ell i la me nåkko ’vi laga oss jo laks ein gong som ha ligge tydelegvis litt for lenge eller i lag med noko’; da ha de vesst vørrte pLussle stillt ’da hadde det visst vorte plutseleg stille’).
På ordnivå blir forma å gang blir brukt for å gå, forma glunjtj for gutt; forma bellet for bilde; forma syn i presens for synes. Tidsadverba er no og då, og stedsadverba er her (men også nokre belegg med hær) og dær/dar. Substantivet snø har forma sny. For å karakterisere smak bruker dei unge adjektivet stygg. Av kuriosa kan uttrykket tykje fint nemnast.
Målmerker
Denne dialekten har følgende målmerker:
Målprøver
Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database