Adverba her/der som formelt subjekt

I upersonlege setningar som presenteringssetningar, passiv,setningar med meteorologiske verb og setningskløyving etc. blir pronomenet det brukt som formelt subjektet i skriftspråka (eksempel 1. og 2 er henta frå Faarlund et al. 1997: 680):

  1. Det sit fuglar i trea
  2. Det vart dansa heile natta
  3. Det regnar

Nokre dialektar kan bruke andre subjekt enn pronomenet det i desse tilfella. Kjent frå nordnorsk (og også andre norske dialektar) er for eksempel subjektet han i samband med meteorologiske verb (han regnar) (Bull 1996:163). Ifølge norsk referansegrammatikk (Faarlund et al. 1997: 681) blir adverbet der brukt som formelt subjekt i presenteringssetningar og i upersonleg passiv i nordnorsk, dialektar i Sør-Norge (Telemark, Agder, Sør-Vestlandet og Namdalen), og i dansk og sørsvensk. Sjå følgande eksempel frå ScanDiaSyn:

  1. Dær e jo flere vann i vassdrage (eldre informant, Lakselv)
  2. Dær e mannge åsj arrbei (eldre informant, Herøy)

Opptaka frå ScanDiaSyn viser at dette språktrekket er på veg ut av nordnorske dialektar: Eldre informantar frå Sømna i sør til Finnmark i nord bruker adverba her/der som subjekt i større eller mindre grad, mens inntrykket er at det er svært få av dei informantane som er ungdommar, som bruker dette trekket aktivt.

 

Kjelder

Bull, Tove. 1996. «Målet i Troms og Finnmark», i Ernst Håkon Jahr og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 157-179. Oslo: Novus.

Faarlund, Jan-Terje, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo. 1997. Norsk referansegrammatikk, Oslo: Universitetsforlaget.

Følgende dialekter har dette målmerket: