Narvik

Dialekten i Narvik skil seg (naturleg nok) ganske kraftig frå dei andre dialektane i Ofoten (som for eksempel dialekten i Ballangen). Ein påfallande forskjell hos den eldre generasjon er nektingsadverbet, som er ikke i Narvik, men ikkje i dei kringliggande dialektane (men dei unge informantane frå Ballangen bruker forma ikke). Eit anna tradisjonelt særtrekk for narvikdialekten jamført med andre nordnorske dialektar er retroflektering i staden for palatalisering av opphavlege dentalar (eks. bestanndi, sannt, kann).

Ifølgje Hanssen (1996: 132) er narvikmålet eit e-mål, har e-presens og har lite apokope, i motsetning til dialektane omkring Narvik. Når ein ser på talemålet til informantane, stemmer Hanssens beskriving ganske godt, og spesielt for talemålet til dei to unge informantane: Infinitiv endar på –e (alternativt apokope) (eks. starte, bølle, styre, vær), og hokjønnsord ubestemt form eintal gjer også det (ei gryte, ei uke, e veninne). Hos dei to eldre informantane er det i denne siste kategorien derimot fleire belegg på a-ending i tillegg til -e, men Hanssen nemner i oversikta si at dette kan førekome (eks. ei brakka, ei hytta, ei kula, ei dama, ei pia). I presens er det overvekt av endinga –e, men tilfelle a-presens opptrer hos begge aldersgruppene (eks. træna, jåbba, husska).

I perfektum partisipp er endinga –dd i einstava verb (eks. sædd, fødd). Hos dei yngre er det eit belegg på partisippforma kåmmt (’(har) kome’). I hokjønn fleirtal er endinga –e/-en som i mykje anna nordnorsk (eks. græsssjlætt’n ’grasslettene’, tue ’tuer’, Bit’lsplat’n ’Beatlesplatene’, tre jennte).

Det er lite lågning i>e, men meir e>æ og y>ø (eks. flinngk, fisska, væll, inntrøkk), og inntrykket er at dei eldre har meir lågning enn den yngre.

Dei viktigaste personlege pronomena er æ, dæ og demm, dåkker. I kv-spørjeorda kan ein høyre både kv og v (eks. ka, korrdan, kossj’n, væranndre, vær ’kvar’, vorr ’kor’). I opptaka av dei eldre kan ein høyre frasen nårr ti ('når'). Stadadverba har formene hær/dær, og tidsadverbet er nu.

Den preproprielle artikkelen er brukt ganske gjennomført (eks. ho F1, o mamma), framtid kan bli uttrykt ved bli+å (eks. hann trur æ bli å leve evi ’han trur eg at blir å leve evig’), og verbet vere blir brukt som hjelpeverb ved rørsleverb (eks. dæmm e vell starrta opp ijænn, vi va fløtta). Adjektiv tar infinitivsetning utan til (eks. æ e flinngk å fisske). Hos dei eldre er det også belegg på her/der som subjekt (eks. dær må jo storarbei te).

Elles kan ein i begge aldersgrupper høyre andre typiske narvikformer som brossjan og mossjan, i tillegg til bokmålsformer som sell åm (’selv om’), mye, jæmme, kåmmet, barnehave, till. Substantivet skole bøyes som hokjønn, og substantivet gjeng bøyes som inkjekjønn av den eldre mannlege informanten (eks. de dær jænnge ’det der gjenget’). 

Kjelde

Hanssen, Eskil. 1996. "Dialektene i Nordland", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar. Oslo: Novus, 121-134.

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database