Steigen

I Steigen snakkar ein saltendialekt, som er kjenneteikna av apokope i mange kategoriar og tjukk l av historisk l. I ScanDiaSyn-prosjektet er det opptak av fire informantar frå Steigen. Det er ikkje så stor forskjell i talemålet mellom dei eldre og dei yngre informantane, noko som kan skyldast at dei unge informantane er slutten av tjueåra, og ikkje er tenåringar. Ein skilnad mellom generasjonane er likevel graden av apokope, kor dei eldre har meir apokope enn dei yngre.

Informantane har apokope i infinitiv (eks. far ’fare’, fessk, sæll ’selje’, jær ’gjere’). I presens er det i tradisjonelt saltenmål apokope av verb i kjøpe-klassen (altså no kjøp eg), men –a-ending i verb av kaste-klassen (no kasta eg). Dette systemet kan ein finne igjen hos informantane (eks. fesska, dårrga, jåbba, prata, husska, søk, varier, grei, gLømm, funger). I svake substantiv ubestemt form eintal kan ein høyre apokope, men dette vekslar med e-ending (eks. en måt, en tim, færrg, bLopannkak, men bæssteveninne, skole). I ubestemt form fleirtal av svake hokjønnssubstantiv skal det tradisjonelt sett også vere apokope. Dette trekket høyrer ein særleg hos dei eldre informantane (eks. fæmm færrg, lannge økkt, småe skoL, små byggd), mens dei yngre har meir e-ending (eks. historje, sjive, krone).

Alle informantane har palatalisering og lågning (eks. fessk, fækk), også i orda ’det’ og ’med’, slik at ein får formene dæ, mæ. Informantane har også tjukk l av historisk l (eks. skoL), men ikkje av historisk rð (eks. or ’ord’).

Av syntaktiske trekk er dei nordnorske trekka med å ha her/der som subjekt og samsvarsbøygning av partisippet, belagt i  opptaka (eks. dær e fleire ællve så kjæmm ne dærå så va e kåmmen ut ferr). Den preproprielle artikkelen kan ein også høyre (eks. o mamma å pappa), men ut frå opptaka kan det verke som om den er meir gjennomført hos den eldre generasjonen enn hos den yngre.  

Andre målmerke er tidsadverba nu og , og stadadverba som hos dei eldre er her og dar/dær, men hos dei yngre høyrer ein mest hær/dær. Nektingsadverbet er ikkje, men det er eit belegg på at den yngre kvinnelege informanten bruker forma ikke når ho pratar til ungane sine underveis i opptaket. Dei personlege pronomena er e(g), dåkker, di og hann (utan palatalisering).

Elles kan ein høyre former som sjyen ('sjøen'), jønna ('gjennom'), attom ('bak'), lissjgLunnt’n (’lillegutten’).

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database