Lakselv

Frå Lakselv er det videoopptak av to eldre informantar i ScanDiaSyn-materialet. Den kvinnelege informanten vaks opp med samisk som morsmål og lærte norsk på skolen, og den mannlege informanten har vakse opp med norsk mor og finsk far. Kvinna har også budd andre stader i Norge i 20 år. Talemåla deira skil seg noko frå kvarandre når det gjeld tonefall og personlege pronomen: Kvinna bruker stort sett formene æ, mæ, dæ, mens mannen bruker mest je, sæi, mæi.

Talemålet er eit e-mål med –e-ending i infinitiv og svakt hokjønn ubestemt form eintal (eks. være, mikkse, en sie). Som hos informantane frå Tana kan ein høyre ståande –r i presens, men også andre endingar opptrer (eks. synger, tænngker, trækker, sjønne, passa). I supinum ender kortstava verb på –dd (eks. sedd). I substantiv fleirtal finn ein, som i tanadialekten, mønsteret -er ­– -an (altså fleire melodier – alle melodian) (eks. damestemmer, stykker, middler, fire basser, trommesjlageran, melodian, tåppan), men ein kan også høyre endinga –ene i bestemt form (eks. fållkene).

Informantane har lite palatalisering, lite lågning, men opning i t.d. førr (’for’).

Ein kan høyre at adverbet der blir brukt som subjekt og samsvarsbøygning av partisippet (eks. dær e jo flere vann i vassdrage, prøvd å funn nåån…). Adverbial kan bli plassert mellom infinitt verbal og objekt i setninga (eks. å hålle åpen veien; de ha mann ikke hatt hær så mye a; en del a lokalbefållkningen vill fåretrekke fårtsjatt å kalle de førr finnsk). Når det gjeld talet på grammatisk kjønn, har kvinna heilt klart tre (eks. ei lererinna).

Elles er nektingsadverbet ikke og tidsadverbet nu, og ein kan høyre bokmålsformer som hær, dær, mye, kåmmer, høyt, syv, mer og kåmmet.

 

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database