Apokope

Når ein utlydande vokal (eller ei trykklett staving) blir kutta i slutten av eit ord,  blir det kalla apokope. Eksempel på apokope er når infinitiv av verbet vere blir til ver_, eller når preteritum av kjøpe blir til kjøpt_. Apokope kan også opptre i andre verbkategoriar enn infinitiv, og i andre ordklassar.

I tradisjonell norsk dialektologi blir apokope av infinitiv rekna som eit av hovudmålmerka, sjå omtale av målmerket "infinitiv" her.

Det er vanleg å dele apokope inn i statisk og fri (Christiansen 1996 [1950]). Apokope som er knytt til bestemt kategoriar og dermed er fast, kallar ein statisk apokope. Når apokopen avheng av talestraumens rytme og trykk, kallar ein det fri apokope. Då kan eit ord miste sluttvokalen når det står trykklett i setninga, men behalde endinga når det står trykktungt. I dei nordnorske dialektane finn ein begge former apokope.

Sentralområdet for statisk apokope i Norge er Salten. I tradisjonell saltendialekt har utlydande e falle bort i omtrent alle kategoriar (Hansen 1996a: 128f), slik som i infinitiv (å vær_), presens og preteritum (å kjøp_ – kjøp__ – kjøpt_ - har kjøpt), sterk form av perfektum partisipp (har drêvv_), svakt hokjønn (ei vis_), svakt hankjønn (en pôs_), svakt inkjekjønn (eit minn_), inkjekjønn bestemt form (det hus_), substantiv fleirtal (særleg hokjønn) (pær_), enkeltord som min_, din_, fir_, ått_, lik_, ut_, inn_, ikj_, mykj_ og gradbøygde adjektiv (finar_ - finast_). Endinga a blir ifølge Hansen (1996a: 129) ikkje apokopert i Salten, slik at for eksempel verb i kasta-klassen har bevart utlydande a i presens, preteritum og perfektum partisipp (å kast – kasta – kasta – har kasta).

Gjennom ScanDiaSyn blei det gjort opptak av informantar frå Beiarn og Steigen i Salten. (Dei følgjande eksempla er frå Beiarn, men det er ganske likt mellom dei to stadene.) I opptaka held dei unge informantane godt på apokopen (å var ’å vere’, kjenn) sjølv om dei også bruker endingar av og til, som i infinitiv (jåbbe), i hokjønn ubestemt form fleirtal (ryp, ei høtt, en venninn, men rype, ei hytta)og i svake substantiv ubestemt form eintal (kunnd, språkreis, en okks, men kunnde). I presens varierer endingane a og e med apokope, og eit a-verb kan ha apokope mens eit e-verb har ending (bruke, bruk, lik, lika). (Sjå meir om a- og -verb for oppslaget om apokope i presens her.)

Det såkalla nullmålsområdet i Nordland er avgrensa etter apokope i infinitiv og svake hokjønnsord bestemt form eintal og strekk seg derfor utover saltenområdet. I nullmålsområdet har ein former som å kjøp_, å vær_, ei vis_, ei vekk_. Hansen (1996b) illustrerer apokopen med setninga E ska te Fausk å kjøp kak før ei kron.

Ein finn også statisk apokope sør for Salten, men han artar seg litt annleis der.

I brønnøy- og ranamål har det tradisjonelt vore kløyvd infinitiv (Jahr og Skare 1996: 24f), slik at f.eks. verb som vere og fare har fått a-ending etter jamvektsregelen i infinitiv, mens dei andre verba som kaste og kjøpe har fått apokope (som i trønderske dialektar). I notidig ranamål er det i ScanDiaSyn-opptaka frå Mo i Rana nokre få belegg på a-ending i infinitiv i talemålet til den eldre kvinnelege informanten, men elles er det berre apokope i infinitiv. I opptaka frå Sømna i brønnøyområdet høyrer ein a-ending særleg hos dei eldre informantane med infinitivar som væta og varra. Dei yngre informantane frå Sømna har spor av kløyvd infinitiv, men stort sett høyrer ein apokope av andre infinitivar som tradisjonelt skulle ha hatt a-ending som kåmm og far (‘fare’). Ein kan også høyre dei få e-ending: kåmme.

Elles i Nord-Norge er det varierande grad av fri apokope som særleg gjer seg gjeldande i infinitiv, og dette høyrer ein også i ScanDiaSyn-opptaka av dei nordnorske informantane.

 

Kjelder

Christiansen, Hallfrid. 1996 [1950]. "Geografisk oversyn over den nordnorske apokope", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 93-100. Oslo: Novus.

Hansen, Eskil. 1996a. "Dialektene i Nordland", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 121-134. Oslo: Novus.

Hansen, Eskil. 1996b. "'Kak før ei kron' – Om variasjon i Saltenmålet", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 138-148. Oslo: Novus.

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.

 

Følgende dialekter har dette målmerket: