09 Saltenmål

Dialektane i Salten skil seg frå dialektane i nord og sør ved å ha mykje meir apokope og frå lofotmål ved å ha tjukk av historisk l. Pronomenforma er e og skil seg frå lofotmål i vest og ranamål i sør som har e(g), og frå ofotmål som har æ(g). Saman med dialektar i Lofoten har dette området mest apokope i heile Noreg (Hansen 1996: 128). Apokopen ramma fleire kategoriar i tradisjonell dialekt, men ifølge Hansen (1996: 128) er det framleis vanleg med apokope i infinitiv, presens og preteritum av verb (å kjøp - kjøp - kjøpt 'å kjøpe - kjøper - kjøpte'), i svakt hokjønn og hankjønn ub.form eintal (fLask 'flaske', pos 'pose') og i fleirtal ub.form av hokjønnsord (pær 'pærer'). I eldre saltenmål ramma apokopen fleire kategoriar innan substantiv, adjektiv, adverb og verb. Dei apokoperte formene har (tradisjonelt) ofte såkalt sirkumsflekstonelag, som ein også finn i trønderske dialektar. Sirkumfleks er ikkje markert i attgivinga av talemåla på denne nettstade. Tradisjonelt saltenmål hadde også kløyvd hokjønn, men dette trekket har forsvunne.

Bodødialekten skil seg frå dialekten i distriktet rundt på ein rekke område, slik bymål gjerne gjer. For eksempel har bodødialekten pronomena æ, mæ, dæ, nektingsadverbet ikke og mindre apokope enn i anna saltenmål. Stadadverba 'her' og 'der' blir uttalt som hær/dær i motsetning til uttalen her/dar i Salten forøvrig (Fiva 1996: 134).

Kjelder

Fiva, Toril. 1996. "Bodødialekten", i i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.), Nordnordske dialektar, Oslo: Novus, 134-137.

Hansen, Eskil. 1996. “Dialektene i Nordland”, i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.), Nordnordske dialektar, Oslo: Novus, 121-133.

Denne dialektgruppa omfatter følgende dialekter: