09 Lofotmål

Dialektane i Lofoten og vestlege delar av Vesterålen har mykje til felles med saltenmål som apokope, men lofotmål har ikkje tjukk l slik som saltenmål har. I forhold til dialektane lengre aust og nord har lofotmål meir apokope, og det personlege pronoment er e(g) og ikkje æ(g). Det varierer kor mykje apokope dei ulike lofotdialektane har. I dialektane i Midt-Lofoten som på Gimsøya og Vestvågøy er det like mykje apokope som i saltenmåla (Hansen 1996: 131), og (tradisjonelt) er det på desse stadene apokope i bl.a. infinitiv (å kjøp 'å kjøpe'), presens (kjøp 'kjøper'), pretereitum (kjøpt 'kjøpte'), perfektum partisipp (har drevv 'har drive') svakt hokjønn ub.form eintal (øus 'ause', mugg 'mugge') og svakt hankjønn ub.form eintal (han 'hane') (Hansen 1996: 131). Ifølge Hansen endrer dialektane seg og får mindre apokope med overgang til a-endingar i hokjønn eintal og fleirtall.

Kjelde

Hansen, Eskil. 1996. “Dialektene i Nordland”, i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.)Nordnorske dialektar. Oslo: Novus, 121-134.

 

Denne dialektgruppa omfatter følgende dialekter: