Nektingsadverbet 'ikkje'

Nektingsadverbet realisert som ikkje (norr. ekki) er utbreidd i dei tradisjonelle dialektane i heile Nord-Noreg til Nord-Troms. Forma ikke er vanleg i Nord-Troms og i Finnmark med unntak av Kiby og Ekkerøy kor forma ikkje tradisjonelt blir brukt (Jahr og Skare 1996: 56f). Forma ikke finn vi også i bymåla i Bodø (Fiva 1996) og Narvik (Hansen 1996).

I opptaka frå ScanDiaSyn finn ein framleis denne fordelinga: Forma ikke blir brukt i Finnmark, Nord-Troms og bydialektene i Narvik og Bodø, mens forma ikkje finn ein sør for dette området. Men det er mykje som tyder på at det er ei endring på gang. Særleg hos informantane i tenåra frå Ballangen, Beiarn, Mo i Rana, Herøy og delvis Sømna er forma ikke einerådande. I tillegg oppgir informantane frå Hattfjelldal at barna i bygda bruker forma ikke, og ein veit også at ungdommar og barn i Tromsø bruker forma ikke.

Karta frå nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009) viser stader kor det i transkripsjonane er minst eitt belegg på dei ulike formene hos unge og eldre informantar. Karta seier altså ikkje noko om kor hyppig dei ulike formene blir brukt (frekvensen). 

Minst eitt belegg i transkripsjonane på forma ikkje hos dei unge informantane (kart til venstre) og hos dei eldre informantane (kart til høgre):

 

Kjelder

Fiva, Toril. 1996. "Bodødialekten", i i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.), Nordnordske dialektar, s. 134-137. Oslo: Novus.

Hansen, Eskil. 1996. "Dialektene i Nordland", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 121-134. Oslo: Novus.

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool. I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

Følgende dialekter har dette målmerket: