Herøy
Frå Herøy i Nordland er det opptak av fire informantar i ScanDiaSyn. I opptaka høyrer ein stor forskjell på dei eldre og yngre informantane på alle nivåa – syntaks, morfologi og ordnivå, sjølv om mykje også er likt. Dei to eldre ScanDiaSyn-informantane frå Herøy har mange av målmerka som kjenneteiknar den tradisjonelle dialekten i Vefsn/Sør-Helgeland: Dei personlege pronomena e og hainn. Tredje person fleirtal er realisert som di i alle posisjonar, og dei har tjukk l av begge opphav (eks. joLbæræ 'jordbæret'). Særmerkt for dette dialektområdet er endevokalen æ (ofte transkribert som ä) på tvers av kategoriar og kløyvd hokjønn (forskjellig endevokal i sterke og svake hokjønnsord i bestemt form eintal: -æ og -o). Dei unge informantane går på vidaregåande skule borte i Sandnessjøen, og jenta fortel i intervjuet at ho bevisst har lagt om dialekten noko: For eksempel har ho bytta ikkje med ikke og frukost med frokost. Av tradisjonelle målmerke har dei unge informantane mellom anna behalde pronomenformene, tidsadverba då/no og tjukk l av historisk l, men ikkje av historisk rð. I substantivbøyinga er det meir variasjon enn hos den eldre generasjonen.
Svakt hokjønn ubestemt form eintal har tradisjonelt endinga –æ. I opptaka av dei eldre varierer dette noko mellom –e og –æ (eks. ei kase’ei kasse’, ei hovemappæ). I bestemt form eintal er endinga tradisjonelt –o eller –å. Stort sett er det også slik, men ein kan også høyre endingane -æ og –a (eks. oløkko ’ulykka’, kjisstå ’kista’, lesstæ ’lista’, fjæra). I svakt hokjønn fleirtal bruker dei eldre informantane stort sett dei tradisjonelle endinga –år/-ån (eks. hønår, dørkjesstån ’dørkistene’). I sterkt hokjønn bestemt form eintal er endinga tradisjonelt –æ, som kan ein høyre i opptaka (eks. bruæ). I fleirtal varierer endinga mellom –e/-en og –a/-an (eks. dørnan’dørene’, øye ’øyer’, fjøLen ’fjølene’, øyan ’øyene’).
Hos dei unge informantane er det restar av kløyvd hokjønn i eintal med former som damå ('dama'), kLåkko, pLato og døræ ('døra'), men -o/-å-endinga varierer med -a/-æ-ending som i skoLa, mællkesyra, kantina. I ubestemt form eintal varierer endingane mellom –æ, -e og –a (eks. vekæ, jennte, færrja). I fleirtal er det ikkje kløyvd hokjønn slik dei eldre informantane har. I opptaka av dei unge er det ingen belegg på fleirtalsendingane –år/-ån, og både svakt og sterkt hokjønn varierer mellom endingane –a, -æ, -e i ubestemt form fleirtal og –en, -an i bestemt form fleirtal (eks. tia ’tider’, kronæ, krone, fellesjtræningæ, øye ’øyer’, damen, daman, takpLatan, øyan).
I infinitiv har alle informantane stort sett apokope (eks. spæll, træn, sjlutt, bestæmm, hussk, riv, maL, men kjøre, kLare, kåmme). Ifølge Hansen (1996) er det ikkje apokope når infinitiven er trykksterk, og det kan vere ei forklaring på formene utan apokope. Verbet vere har forma va/væ i infinitiv, men hos dei unge kan ein også høyre forma vær. I presens av kasta-klassen er endinga ofte -æ hos dei eldre (eks. sjækkæ, skænnæ, men åssjk 'orkar'), mens det er meir variasjon med endingane –a/-e hos dei unge (eks. spælla, skåra, skåræ, hate, hatæ, huske, husska). Verbet «bli», som blir uttalt bi, kan ha sterk bøying i preteritum og perfektum (eks. varrt, vørrte). I einstava supinum er endinga -tt (eks. føtt 'født', jett 'gitt')
Endinga –æ kan ein for eksempel også høyre i fleirtal ubestemt form av hankjønnsord (eks. dagæ, årganngæ). Dialekten har palatalisering av historiske dentalar og av velarar (eks. ikkje (ofte uttalt med affrikat som ittje), stykkje, mykje, gånjen ’gongen’, byddje ’byggje’). Dei yngre informantane har i liten grad palatalisering av velarar, men har ein god del palatalisering av historiske dentalar, blant anna i adjektivet godt og pronomenet han. Alle informantane har også lågning (eks. fessk, tenng, menne ‘mine’) og opning (eks. vøre ‘(har) vore’, vørrte ‘(har) vorte’). Orda "det" og "med" blir uttalt dæ, mæ. Privativpartikkelen er o hos dei eldre (eks. storover ‘storuver’), men u hos dei yngre (eks. usikker). Eit tradisjonelt målmerke for helgelandsk er lenisering (konsonantane ptk blir uttalt bdg). Ein kan kanskje høyre spor av dette i uttalen kLåggo (‘klokka’), obb (‘opp’), ligsåmm (‘liksom’), spiger (‘spiker’). Hos dei eldre informantane kan ein også høyre noko diftongering av vokalar som i oute (‘ute’) og keor (‘kor’) og vokalforlenging (eks. ei kase ’ei kasse’).
Av syntaktiske trekk kan ein hos dei eldre høyre samsvarsbøying av partisippet (eks. ho va førn ‘ho var faren’), bruk av der som subjekt (eks. dær e mannge åsj arrbei ‘der er mange års arbeid’), og samansett verb og partikkel i partisipp (eks. har dåkker dæ borrtleidd?). Hos dei eldre kan ein også høyre samansett adjektiv og substantiv som i gammeLhuse (‘gammelhuset’), tempussamsvar (eks. velldi intresert i å fått kjøppt ‘veldig interessert i å få kjøpt’) og predikatsadverbial i setningsmedial posisjon (eks. Vi va i fjoL på samme pLass’n ‘vi var i fjor på same plassen’).
Alle informantane har den preproprielle artikkelen (eks. hann sønn nommer to). Futurum uttrykt som bli+å kan ein høyre hos dei unge (eks. kannsje vi ferr einn gå sjyll bi å få ett bra lannslag te sjlutt), mens det er ingen belegg på dette hos dei eldre.
Andre målmerke hos dei eldre informantane er formene her og dar (i god blanding med uttalen hær/dær), spørjeorda ke (’kva’, ’kven’), korles, korr (også uttalt keor) og tidsadverba då/no. Informantane bruker også verbet gang for gå og ord som ølløv (’elleve’), verbet minnes ('hugse'), sakne, abakkLe (’avbakleg’), rekkeL
(’rikle’), kreåm (’kringom’), gLønnt (’gut’), sny (’snø’), syn (’sjøen’), grassere og ongeLæ (’agn’).
Hos dei yngre informantane kan ein høyre formene her og dar i tillegg til hær og dær, og andre tradisjonelle former som kjem, å sei, sjå, gånng (’gong’) og nåkko (’noko’), spørjeordet ke. Eit kv-ord ein ikkje høyrer hos dei eldre informantane, men som ein finn i anna nordnorsk, er spørjeordet kessj’n.
Målmerker
Denne dialekten har følgende målmerker:
Målprøver
Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database