Lågning og opning

Lågning beskriv først og fremst resultatet av den prosessen som har gått føre seg med dei fremre gammelnorske vokalane i, y, e, som i mange dialektar har blitt senka eitt hakk til vokalane e, ø, æ i visse omgjevnadar (Sandøy 1985). Eksempel på dette er former som fesk (’fisk’), mælk (’melk’), søng (’syng’), kor vi har overgangane i>e, e>æ og y>ø.

Lågning er meir markert i enkelte ord enn andre. For eksempel er  lågning i eit ord som æventyr (’eventyr’) ganske fast og blir oppfatta som nøytralt nordnorsk, mens lågning i ordet fisk er meir markert og kan bli oppfatta som breitt (Nesse 2008).

Opning beskriv resultatet av den prosessen kor dei gammalnorske bakre vokalane o, å og a blir uttala lenger fram i munnen. Dette er spesielt vanleg i austnorske dialektar føre tjukk l som i høL (’hol’) og kæLv (’kalv’). I nordnorske dialektar fins det noko opning i Nordland (Nord-Helgeland) i fortidspartisipp som i røtn (’rotten’) og i ord som pLægg (’plagg’), hæggeL (’hagl’). Spesielt utmerkar ordet lov seg, som i nordhelgelandsk blir uttala løvv som i få løvv te (Hansen 1996).

I dei nordnorske opptaka frå nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009) er det særleg informantar frå distrikta i Troms (unntatt Nord-Troms) og Nordland som har lågning. Det er også noko lågning i kystmålet i Finnmark. Blant informantane frå for eksempel Tromsø er det ein del lågning blant dei eldre informantane, mens det er mindre hos dei yngre.

Kjelder

Hansen, Eskil. 1996. ”Dialektene i Nordland”, i Jahr og Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. 121-134. Oslo: Novus.

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool. I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

Nesse, Agnethe. 2008. Bydialekt, Riksmål og Identitet – Sett fra Bodø. Oslo: Novus.

Sandøy, Helge. 1985. Norsk dialektkunnskap. Oslo: Novus.

Følgende dialekter har dette målmerket: