Infinitiv: nullinfinitiv

I norrønt slutta alle verb i infinitiv på –a, som fara (’fare’), vera (’vere’), kasta (’kaste’). Denne endinga har i mange dialektar endra seg over tid og på ulike måtar, slik at det i dag finst fire ulike hovudsystem for infinitivsending i norske dialektar:

  1. a-infinitiv (å vera, å kasta)
  2. e-infinitiv (å vere, å kaste)
  3. Kløyvd infinitiv (å vera, å kast/kaste)
  4. Apokope/nullinfinitiv (å ver, å kast)

Infinitivsendingar er mykje brukt i inndelinga av dei norske dialektane. Saman med endinga i svakt hokjønn eintal ubestemt form (ei vise) talar ein ofte om a-mål, e-mål, e/a-mål og nullmål. 

I nordnorske dialektar i dag høyrer finn ein hovudsakeleg anten apokope (nullinfinitiv) eller e-infinitiv, men i tradisjonelt er det også kløyvd infinitiv. Apokope i alle infinitiv (også kalla nullinfinitiv) finst i Salten, Lofoten og sørlege delar av Vesterålen  (Jahr og Skare 1996: 46). I ranamål, sørleg helgelandsmål og i indre delar av Vefsn er det tradisjonelt kløyvd infinitiv med apokope. Ein kan høyre restar av dette i dag (Jahr og Skare 1996: 46), men stort sett har dei fleste infinitivane apokope.  

I talemålsmaterialet frå ScanDiaSyn held apokopen seg som beskrive over, og det er også mest apokope i dei dialektane som tradisjonelt har kløyvd infinitiv. I tillegg er det innslag av fri apokope i e-målsområde, og motsatt er det innslag av infinitivsending i apokopeområdet (sjå omtalen av e-infinitiv). Kartet viser stader med minst eitt belegg på infintivsforma kom (som er eit gammalt jamvektsord) i nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009) og at ein også kan høyre apokope i infinitiv utanfor kjerneområdet for apokope (i Lofoten, Salten og sørover).

 

Kjelder

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus. 

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

Følgende dialekter har dette målmerket: