Stamsund

I ScanDiaSyn er det opptak av fire informantar frå tettstaden Stamsund i Vestvågøy.

Talemålet til dei yngre og eldre informantane frå Stamsund står fram som relativt einsarta. Infinitivane har stort sett apokope, slik at talemålet kan karakteriserast som eit nullinfinitivsmål (eks. prat, jær, hør, straff), men e-infinitiv opptrer likevel innimellom (eks. spælle, være, søve). Informantane har også a-presens kombinert med apokope (eks. føll, svittsja, træna, hør), som i utgangspunktet er regulert av verbklassetilhøyrsel. Det er også nokre få belegg på e-presens i verb som i teorien anten skulle hatt apokope (eks. kjøre) eller a-presens (huse ’hugse’). I supinum vekslar endingane i sterke verb mellom –e og apokope (eks. vunn ’vunne’, sott ’sete’, vor ’vore’, skreve, vore). Ein kan også merke seg sterke partisippformer som stie (’stått’) og lie (’lege’).

I hokjønn ubestemt form eintal er endinga stort sett –a (eks. æi møurtua, ei sånn hær gammel riffla). I fleirtal varierer endingane mellom –a/-an og –e/-en (eks. lækkse, træninge, bølgan, sjeisan). Inntrykket er at det er meir veksling hos dei eldste enn hos dei yngste, kor endingane –e/-en verkar å vere meir frekvent, jf. Jahr og Skare (1996: 34) som nemner at -e/-en-ending i hokjønn fleirtal er på frammarsj mot tradisjonelt -a/-an-ending på Vestvågøy.

Alle informantane har palatalisering av opphavlege dentalar og velarar (eks. mykkje, munnstykkje) og lågning (eks. flenngk, svenngan ’svingane’, uttrøkk). Småorda ’det’ og ’med’ blir uttalt og . Fri apokope opptrer i fleire ulike kategoriar (eks. føssjt ’første’, heim ’heime’, all ’alle’, ikkj ’ikkje’). Informantanes uttale av tenderer mot å vere frikativ, og konsonantsambandet rrk kan bli uttalt meir som sjk.

Dei personlege pronomena er e(g), de(g), me(g) i 1.person eintal og dåkk og di i 2. og 3.person fleirtal. I opptaka av dei eldre kan ein også høyre forma dåkka/dåkkå. Nektingsadverbet er ikkje, og tidsadverba er nu og . Stadadverba er hos dei eldre informantane her og dær, mens dei yngre stort sett seier hær/dær. Dei eldre har eit anna repertoar av kv-spørjeord i opptaka enn dei yngre, som for eksempel frasen ka lass, kossj’n i tydinga ’korleis’ (eks. kossj’n de e å bli bæssteforælldra) og forma kænn/kenn (’kven’).

Av syntaktiske trekk kan hos begge aldersgrupper høyre dei fellesnordnorske målmerka samsvarsbøygning av partisipp (eks. så e e oppvåks’n her i Stammsun), bruk av adverba her/der som subjekt (eks. dær e kje nå særlig sånn før minn allesj ’der er ikkje noko særleg sånn for min alder’) og ganske gjennomført bruk av den preproprielle artikkelen (eks. hann Bjørndal’n).

I opptaka av dei eldre er det også eksempel på ein eksklamativ (utropssetning) med forma ka sny de va (’ka snø det var’). Ein kan også høyre setninga dær e hus byggd, kor substantivet hus kjem føre hovudverbet byggd, i motsetning til i skriftspråka kor hus ville ha stått bak hovudverbet: der er det bygd hus/ det er bygd hus der. Andre særmerkte språktrekk hos dei eldre informantane er forma famellje (’familie’) og fleirtalsforma av substantivet vår i frasen utpå våran (’utpå våren’), som også er belagt i ScanDiaSy-nopptak frå språkkontaktområde. Dei eldre informantane har vidare tydeleg trykk på sistestaving i samansetningar som op’i, ut’i, inn’åt, og det er eksempel på at predikatsadverbial blir plassert tidlegare i setninga enn i det som er vanleg i skriftspråka (eks. å så laga hann sjøl nytt).

Elles er substantivet skole hokjønn hos alle informantane (bestemt form skola), og hos alle kan ein høyre både sterk og svak presensform av verbet komme (kjem/kåmmer). Substantivet gjeng er nøytrum (ett jænng), og hos dei eldste informantane kan ein høyre tradisjonelle former som glunnt’n, svelt (’sulte’) og anngka (’angra’).

 

Kjelde

Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. Nordnorske dialektar, Oslo: Novus.