Perfektum partisipp: bøying av partisippet

I nynorsk blir sterke verb som f.eks. komme, bøygd i samsvar med subjektet etter verb som vere og bli/verte. Målmerket som blir omtalt her heng dermed samen med målmerket om bruk av hjelpeverbet vere i resultative setningar (sjå her). 

Systemet er slik i nynorsk: Når subjektet er eit hankjønnsord eller eit hokjønnsord, får slike verb endinga –en (han/ho er kommen), og når verbet blir bøygd i samsvar med eit subjekt i fleirtal, er endinga –ne (dei er komne). I inkjekjønn er endinga -e/-i: det er komme.

Mange tradisjonelle norske dialektar i nord og vest har det same systemet som i nynorsk, eller noko som liknar. I nordnorsk artar det seg tradisjonelt slik at ved hankjønn, hokjønn og fleirtal får sterke verb endinga –en i perfektum partisipp når hjelpeverba er vere eller bli (Bull 1996). Det er altså ein skilnad i forma på partisippet etter type hjelpeverb (vere/bli eller ha):

 

 vere som hjelpeverb

 ha som hjelpeverb

 nynorsk

  •  han/ho er kommen
  •  dei er komne

 han/ho/dei har komme

 nordnorsk

  •  Han/ho/dei er kommen
  •  det er komme

 han/ho/dei/det har komme

I opptaka frå ScanDiaSyn/NorDiaSyn er samsvarsbøying av partisippet belagt i omtrent heile Nord-Norge. Det er meir vanleg blant dei eldre informantane enn blant dei yngre, noko som kan tyde på at dette språktrekket kjem til å forsvinne frå dei nordnorske dialektane. Sømna skil seg frå dei andre nordnorske dialektane ved å ikkje ha belegg på dette trekket (ved søk på er/blir i nordisk dialektkorpus, Johannessen et al. 2009). Sømnadialekten har både nordlege og trønderske språktrekk. For eksempel har sterke verb endinga –i i perfektum partisipp (’har kommi’) som ein også finn i trønderske målføre, i motsetning til alle dei andre nordnorske dialektane som har endinga -e (’har komme’).

At samsvarsbøying er ein del av den nordnorske dialekten, blir også bekrefta av data frå Nordisk syntaksdatabase (Lindstad et al. 2009). Setninga Radioen er riven ut av bilen er godtatt av alle dei nordnorske informantane inkludert informantane frå Sømna. Det er altså fleire som godtar ein slik setning enn dei som spontant ville sagt noko slikt. Ein årsak er at vi har mykje taus kunnskap om språk som vi ikkje bruker aktivt sjølv.   

Kjelder

Bull, Tove. 1996. «Målet i Troms og Finnmark», i i Jahr, Ernst H. og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar, s. , 157-179. Oslo: Novus.

Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

Lindstad, Arne Martinus; Nøklestad, Anders; Johannessen, Janne Bondi; Vangsnes, Øystein Alexander. 2009. "The Nordic Dialect Database: Mapping Microsyntactic Variation in the Scandinavian Languages". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): NEALT Proceedings Series;Volum 4.

Følgende dialekter har dette målmerket: