presens: a-presens i svake verb (av kaste-klassen)
I nynorsk blir svake verb delt i to klassar: a-verb og e-verb. a-verba blir bøygde som verbet kaste og endar på –a i preteritum og –ar i presens: kastar (- kasta), hugsar (- hugsa), hoppar (- hoppa). e-verba har –te i preteritum og –er i presens: kjøper (- kjøpte).
|
infinitiv |
presens |
preteritum |
perf.partisipp |
a-verb |
kaste/kasta |
kastar |
kasta |
kasta |
e-verb |
kjøpe/kjøpa |
kjøper |
kjøpte |
kjøpt |
Dei fleste nordnorske dialektane manglar ståande –r i presens (som i mange norske dialektar elles), men det varierer om det er samanfall mellom a-verb og e-verb slik at alle endar på –e (kaste, kjøpe), eller om a-verb (i prinsippet) endar på –a, og e-verb på –e.
Skillet mellom samanfall og a-ending går tradisjonelt tvers over Senja (Jahr og Skare 1996: 60f). Sør for denne grensa har a-verb tradisjonelt a-ending i presens slik at desse dialektane har både –a- og –e-ending i svake verb avhengig av klasse. Nord for denne grensa endar alle svake verb i presens på e. Det betyr at i Sør-Troms vil ein tradisjonelt seie eg ligg og feska, medan ein i Nord-Troms vil seie eg ligg og feske (Jahr og Skare 1996: 60). Jahr og Skare (1996: 60) understreker at det er forskjellar mellom eldre og yngre språkbrukarar, kor yngre i større grad har e-ending.
Systema i dei ulike dialektområda (etter Hansen 1996; Bull 1996, Jahr 1996; Jahr og Skare 1996).
Nord for Senja |
kaste(r) |
kjøpe(r) |
Innflyttardialektar |
kaster |
kjøper |
Sør for Senja |
kasta |
kjøp(e) |
Ranamål |
kast |
kjøp |
I apokopeområdet i Nordland er det tradisjonelt apokope av endingsvokalen i e-verba, men ikkje i a-verba. Der vil det heite no kasta æ ballen, men no kjør æ. Bodø ligg i Salten og har tradisjonelt a-ending i a-verba. I undersøkinga til Nesse (2008) finn ho at det er stor variasjon i realiseringa av ending i svake verb. For eksempel kan eit verb som bruke bli realisert på tre ulike måtar hos bodøungdommar i presens: bruk, bruke og bruka.
I talemålsmaterialet samla inn gjennom ScanDiaSyn finn vi att variasjonen Nesse beskriv. Dei store trekka med a-ending i sør og e-ending i nord held seg, men samtidig er det svært mykje variasjon mellom former med ending og apokope, og i område med a-ending er detvanskeleg å oppdage eit skilje i bøying mellom a- og e-verb. I grenseområdet i Troms mellom a- og e-presens er det mykje variasjon mellom desse to endingane, og for eksempel kan det sjå ut til at dei unge informantane frå Lavangen i Sør-Troms (som ligg akkurat sør for grensa) bruker mest e-ending.
Dei følgande karta viser stader med minst eitt belegg på presensforma husska hos høvesvis unge og eldre informanter i Nordisk dialektkorpus (Johannessen et al. 2009). Karta viser noko overraskande at ein kan høyre slike former også i Finnmark, og då særleg hos dei yngre informantane. Karta viser også at presensforma husska ikkje er brukt av unge i midt- og sør-Troms (unntatt Vesterålen), mens det er belegg på denne forma blant eldre informantar i området.
Stader med minst eitt belegg i transkripsjonane på presensforma husska hos unge informantar (kartet til venstre) og hos eldre informantar (kartet til høgre):
Kjelder
Hansen, Eskil. 1996. "Dialektene i Nordland", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 121-134. Oslo: Novus.
Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare. 1996. "Del I. Oversyn over nordnorske dialektar - kart og målprøver", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 9-78. Oslo: Novus.
Jahr, Ernst Håkon. 1996. "Dialektane i indre Troms – Bardu og Målselv", i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.). Nordnorske dialektar, s. 180-185. Oslo: Novus.
Johannessen, Janne Bondi, Joel Priestley, Kristin Hagen, Tor Anders Åfarli, and Øystein Alexander Vangsnes. 2009. "The Nordic Dialect Corpus - an Advanced Research Tool". I Jokinen, Kristiina and Eckhard Bick (red.): Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.
Nesse, Agnethe. 2008. Bydialekt, Riksmål og Identitet – Sett fra Bodø. Oslo: Novus.
Følgende dialekter har dette målmerket: