Bodø

Det er to kjelder til bodødialekten på denne nettstaden: Nordavinden og sola frå Mørkved i Bodø og ScanDiaSyn.

Bodødialekten har fleire fellestrekk med saltenmål som tonefall, apokope og palatalisering, men han skil seg frå saltenmål ved å ha mindre apokope og eit forenkla bøyingsmønster i substantiv og verb (Fiva 1996). På ordnivå skil bodødialekten seg frå dei kringliggande dialektane ved å ha formene nu og ikke og ikkje no og ikkje; ved å ha pronomenformene æ, mæ, dæ og ikkje e, me, de, og hær/dær og ikkje her/dar som elles i Salten (Fiva 1996). Fiva nemner også l-lyden og skriv at bodødialekten manglar den «vanlege» l-lyden som blant anna blir brukt i namnet «Lise».

Frå Bodø er det fire informantar i ScanDiaSyn. I infinitiv har dei stort sett apokope som elles i Salten (eks. vær analyser, hænng, snakk), men det er også nokre eksempel på e-infinitiv, og kanskje meir av dette hos dei yngre enn hos dei eldre informantane (eks. føranndre, være, levere). I presens varierer apokope med –a- og –e-ending, og hos dei unge informantane kan ein også høyre innslag av endinga –er (eks. betaL, betaler, hæia, heier, lik, lika, bjeffe og gnelldra, kåmmer).

I svakt hokjønn ubestemt form eintal er endinga –e (eks. kvote, hytte) i motsetning til saltenmål som har apokope i denne kategorien. I hokjønn fleirtal er endinga stort sett –a, men med nokre eksempel på -e (eks. bommbe, bommba, hyttan, kæmmpingvånngnan, jenntan).

Informantane har tjukk l av historisk l (eks. sjøL, bodøfåLLk), men ikkje av historisk (eks. or ‘ord’, spor ‘spurde’). Det er noko lågning og opning, og meir hos dei eldre informantane enn hos dei yngre (eks. ætte ‘etter’, serrka ‘cirka’, førr, nættopp, fortvila, fessk, uttrøkk, men ligg, lakksefisske, fikk, viss, sitt ‘sitte’). Ifølge Nesse (2009: 108) er det hos ungdom meir variasjon når det gjeld lågning i>e enn lågning y>ø og e>æ, noko som kan sjå ut til å bli spegla i eksempla som er vist her. Når det gjeld palatalisering,  er det gjennomført i ulik grad hos informantane. For eksempel har den eldre kvinnelege informanten ein god del palatalisering, mens den unge kvinnelege informanten knapt har palatalisering.

Det personlege pronomenet er æ, tidsadverbet er nu og nektingsadverbet ikke. Ein kan høyre kv-ord med bokmålsformer som hvor, hvert og hvilken i tillegg til dialektformer som kossj’n, korrdan, ka, kor.

I opptaka av dei eldre kan ein høyre adverba her/der bli brukt som subjekt (eks. hær e så my tilfløttera) og at partisippet kan kongruere med subjektet (eks. vi e nættopp kåmmen jæmm). Informantane bruker også den preproprielle artikkelen (eks. o svigemor, hann M1).

Kjelder

Fiva, Toril (1996) «Bodødialekten» i Jahr, Ernst Håkon og Olav Skare (red.) Nordnorske dialektar. Oslo: Novus.

Nesse, Agnete (2008) Bydialekt, Riksmål og Identitet – Sett frå Bodø. Oslo: Novus. 

Målprøver

Vi har følgende målprøver fra denne dialekten i vår database

Nordavinden og sola-samlingen fra NTNU har en prøve fra denne dialekten: